Sju tips til fine og lure ting du kan bruke ferien til

UTFORSK NÆRMILJØET: Ein tur til Fløyen i Bergen kan vere eit fint alternativ om ein ikkje ønsker å bruker så mykje energi, men likevel få sett ei skikkeleg fin utsikt.

UTFORSK NÆRMILJØET: Ein tur til Fløyen i Bergen kan vere eit fint alternativ om ein ikkje ønsker å bruker så mykje energi, men likevel få sett ei skikkeleg fin utsikt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Gjer noko som gjer deg glad kvar dag! Her får du sju tips til korleis du kan få meir ut av sommarferien.

DEL

Det er ingen hemmelegheit at ungdommar ofte ikkje veit kva dei skal finne på i ferien. Lucky for you, har Nh Ung laga nokre gode forslag til kva ein kan ta seg til i sommarferien. Berre ikkje gløym å nyte ferien fullt og heilt, slapp av og gjer noko som gjer deg glad kvar dag!

1. Bli ein betre kokk

Er vêret elendig? Om det regnar mykje, eller er for kaldt til å bade i sjøen, kan du kanskje gjere smaksløkane dine glade. Har du hatt drøymar om å smake ekte asiatisk mat? Finn deg nokre oppskrifter på nettet og prøv dei ut. Om nokre funkar kan du kanskje invitere nokon du kjenner på ein spesiell Asia-fest, eller noko liknande?

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

2. Finn ut meir om alt

Om du reiser til eit anna land eller ei, har du alltid moglegheita til å finne ut meir om plassen du er på. Naturen og alle dei fantastiske dyra som vi er omgjeve med, legg vi gjerne som regel ikkje så mykje merke til. Prøv å utforsk naturen rundt deg. Kanskje blir du meir takknemleg for alle desse små tinga? Prøv også å bli betre kjent med folka rundt deg. Ver nysgjerrig, still spørsmål. Du kan bli veldig overraska over kva du kan finne ut av.

3. Lev gjennom andre

Det å gå i ein annan si verd kan vere ein av dei kjekkaste tinga å gjera på når ein ikkje veit kva ein skal gjera på sjølv. Bøker har vore ein del av underhaldninga for menneska i lang tid, og då må det også finnast noko som du synest er interessant å lese! Kanskje kan du prøva nokon gamle klassikarar, eller gå inn i ei fantastisk fantasy-verd. Det finst ingen grenser for kva du kan oppdage.

Å sjå på film er også noko som får oss til å vri merksemda vår over til noko anna enn oss sjølve. Der kan du velja noko du ikkje hadde valt til vanleg. Å sjå ein dokumentar skadar aldri.

4. Nyt naturen

Noreg er ein fin plass med mange fine utsikter. I Nordhordland finst det utruleg mange fine turar å velja mellom. Du finn sikkert ein eller annan tur som er i nærleiken, og hugs at det vanskelegaste er å faktisk gå ut. Når du er på toppen og ser den fine utsikta, kjem du ikkje til å angre på det du utsette musklane dine for. I alle fall ikkje når du kjem heim igjen og føler at du har gjort noko bra den dagen.

5. Gjer ei endring

Det som er så fantastisk godt med å ha fri frå skulen, er at du kan planlegge og utnytte tida di sånn som du sjølv har lyst til. Vil du vere sunnare? Då kan du søka på nettet om korleis du kan bli det. Du veit vel sikkert mykje om kor bra det er med fysisk aktivitet, men veit du noko om kor bra meditasjon kan vere? Trur du at du tør å bli vegetarianar, eller kanskje til og med veganar? Det å endre på livsstilen drastisk er skummelt i byrjinga, og sommarferien er ei fantastisk tid til å teste noko slikt.

6. Gjer ting du elles ikkje har tid til

Lag ein liste over ting som du har lyst, men får ikkje tid til å gjere i løpet av skuleåret. Det kan vere alt frå å spele meir gitar, skrive ei novelle eller ein artikkel om noko som du synest er viktig for andre å vite om, eller det kan vere å gå meir på tur med hunden din. Har du kanskje hatt lyst til å ta ein spontan busstur til ein plass du ikkje hadde besøkt til vanleg? No kan du gjera det. Berre få hjernen din til å jobbe litt (sjølv om det er ferie betyr ikkje det at hjernecellene skal sleppa å fungera heilt, og visna i hovudskallen).  Skriv ned alle rare ting som du kjem på på ei liste, og gjennomfør dei!

7. Finn deg sjølv

Det å finne seg sjølv, og vite kven ein er, er ei vanskeleg og tidkrevjande oppgåve. Du må alltid prøve å utforske deg sjølv, for å finne ut av kven du eigentleg vil vere. Då hjelper ferien litt, for det er no du mest sannsynleg har tid til å tenke rover desse tinga. No har du tid til å finne deg sjølv. Du vil sjølvsagt forandre deg om og om igjen mange gongar i løpet av livet, men det er godt å kjenne at du veit kven du er, i alle fall i nokre få dagar. Det er jo dette alt handlar om, eller?

Artikkelforfattaren Guste Gecaite er journalist i ungdomsredaksjonen Nh Ung. Ho er opphavleg frå Lithauen, men bur no i Alversund.

Artikkelforfattaren Guste Gecaite er journalist i ungdomsredaksjonen Nh Ung. Ho er opphavleg frå Lithauen, men bur no i Alversund. Foto:

Artikkeltags