Nh Ung utfordrar: Dropp plastposen ut året!

For å få auka merksemd rundt plastproblemet og miljøet, har ungdomsredaksjonen Nh Ung bestemt seg for å droppe å ta i mot nye plastposar ut året. Håpet er at flest mogleg skal ta utfordringa gjere det same. Ungdomsredaksjonen består av totalt ti ungdommar, som alle er klare for å ta utfordringa. På bildet er Sunniva Myklebust-Hansen, Synne P. Syslak, Silje Vassdal, Amalie Ulveseth og Peter Pletten.

For å få auka merksemd rundt plastproblemet og miljøet, har ungdomsredaksjonen Nh Ung bestemt seg for å droppe å ta i mot nye plastposar ut året. Håpet er at flest mogleg skal ta utfordringa gjere det same. Ungdomsredaksjonen består av totalt ti ungdommar, som alle er klare for å ta utfordringa. På bildet er Sunniva Myklebust-Hansen, Synne P. Syslak, Silje Vassdal, Amalie Ulveseth og Peter Pletten. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det er eit hav av ting vi kan gjere for å unngå eit hav fylt med plast. Å droppe plastposen er ein av dei. Ta utfordringa saman med NH Ung, og dropp plastposen ut året!

DEL

Kor vanskeleg er det eigentleg å droppe å ta i mot plastpose når du handlar? Det vil vi i Nh Ung teste: Ut året vil vi takke nei til pose kvar gong vi handlar på butikken. Og vi håpar flest mogleg vil ta utfordringa, og bli med oss i vår dropp posen-aksjon.

– Berre det at vi kan vere med å gjere ein liten forskjell, betyr skikkeleg masse! Og om vi får fleire med fleire på dette, så er jo det endå betre, seier Nh Ung-journalist Amalie Ulveseth.

Ho understrekar at plastsaka er noko ungdommane er veldig engasjerte i.

Fornya merksemd og engasjement

Etter at den berømte «plastkvalen» vart funnen død, og det viste seg at den hadde over 30 plastposar i magen, var det stort engasjement rundt plastsaka både i media og blant folk som arrangerte strandryddeaksjonar. Men som med det meste som får ein stor ««hype»», ser engasjementet ut til allereie å ha dabba av litt.

Det vil ikkje vil ikkje ungdomsredaksjonen ha noko av.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Vi i ungdomsredaksjonen vil slutte med plastposar fordi plasten øydelegg for miljøet og framtida. Det er trass alt vi ungdom som må leve med dette i framtida om ingen tar grep. Vi ønsker å engasjere andre for å vise kor lett det eigentleg er å bytte ut plast i kvardagen, og då synest vi plastposen er ein fin plass å byrje, seier Ulveseth.

Ein passande månad

Det er eit hav av ting vi kan gjere for å unngå eit hav fylt med plast. Men no når vi går inn ein av dei største handlemånadane i året, synest vi i Nh Ung at det er på sin plass å rette merksemda mot overforbruket av plast på ny. For: Kor mange posar kjem ein til å bruke i julehandelen? Og kor mange av dei treng ein eigentleg?

Ung-journalistane Sunniva Myklebust-Hansen, Synne P. Syslak, Amalie Ulveseth og Silje Vassdal er spente og optimistiske til engasjementet rundt plastpose-aksjonen, og håpar flest mogleg vil vere med.

Ung-journalistane Sunniva Myklebust-Hansen, Synne P. Syslak, Amalie Ulveseth og Silje Vassdal er spente og optimistiske til engasjementet rundt plastpose-aksjonen, og håpar flest mogleg vil vere med. Foto:

Vi i Nh Ung trur nemleg at det er mogleg å komme gjennom julehandelen utan å bruke ein einaste eingongs-plastpose. Med alternativ som handlenett som ein kan bruke om att og om att, trur vi at bruk av eingongs-plastposar er ein innarbeidd, dårleg vane som ein kan venne seg av med ein gong for alle.

Vi må skjerpe oss

– Det er viktig å få meir merksemd rundt plastbruken. Denne plasten kjem til å påverke oss meir enn vi veit, og på andre måtar enn dei vi er klar over. Eg trur at om vi hadde visst meir om korleis plastbruken kjem til å påverke oss, så hadde vi ikkje brukt så mykje unødvendig plast. Vi bruker jo mykje meir enn det vi treng. Vi må rett og slett skjerpe oss, seier ung-journalist Sunniva Myklebust-Hansen.

Vil du bli med på utfordringa? Meld deg på via Facebook-arrangementet vårt her.

Artikkeltags