10 fakta om plast som burde få deg til å grøsse

Amalie Ulveseth er journalist i Nh Ung. Ungdomsredaksjonen har no sett i gang ein aksjon der dei droppar ta i mot plastposar ut året, og oppfordrar fleire til å bli med. Målet er å auke folks bevisstheit rundt plastproblemet og miljøet.

Amalie Ulveseth er journalist i Nh Ung. Ungdomsredaksjonen har no sett i gang ein aksjon der dei droppar ta i mot plastposar ut året, og oppfordrar fleire til å bli med. Målet er å auke folks bevisstheit rundt plastproblemet og miljøet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Vi i ungdomsredaksjonen Nh Ung har starta ein dropp plastposen-aksjon. Her er ti skremmande grunnar til kvifor vi alle bør skjerpe oss:

DEL

1: Vi et plast til middag

Mikroplast er noko vi menneske omgåast mykje med i kvardagen, vi eter den til og med. Denne mikroplasten kjem inn i kroppen vår ved at fiskane et mikroplast, og vi igjen et fisken.

2: Plast i tannkrem

Kosmetikk, forskjellige hudkremar, deodorantar, tannkremar og liknande inneheldt ofte mikroplast. Plast i tannkremen set seg fast i tannkjøttet og mellom tenna våre når vi pussar dei. Det er ikkje alle merker som bruker mikroplast, så det er lurt å sjekke det opp før du kjøper eit produkt. Det ein skal sjå etter når ein leitar etter mikroplast i ingredienslista er ikkje «mikroplast», men desse namna her; Polyethylene, Polypropylene, Polyethylene terephthalate, Polymethyl methacrylate. Dette er namna på plast i produkta.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

3: Kor mykje plast vert produsert?

På jorda er det 192 land som produserer plast. Ifølge forskning.no produserer desse 192 landa til saman over 275 millionar tonn med plast i året.

4: Meir plast enn fisk i havet

Ein reknar med at det hamnar meir enn åtte millionar tonn plast i havet kvart år. For å sette det i perspektiv; ein blåkval kan bli opp til 30 meter lang og veg opp mot 200 tonn. Det vil sei at det endar 40 000 blåkvalstore mengder med plast i havet kvart einaste år. Forsking visar også til at i året 2050 vil det vere meir plast i havet enn det vil vere fisk.

5: Ikkje lenge til

Ein tenker kanskje at det er lenge til år 2050, men ifølge WEF-rapporten vil det innan år 2025 vere eit tonn plast for kvart tredje tonn fisk.

6: Isen smeltar

Plast er laga av olje. Og som vi veit er olje den store miljøsyndaren på grunn av dei store mengdene karbondioksid den slepp ut. Kloden våre har alltid blitt varmare, men etter vi byrja med fossilt brensel har oppvarminga av jorda omtrent dobla dei siste 100 åra. Konsekvensar av dette er jo som vi alle veit, isbjørn og andre dyr som lever på område med omtrent berre is døyr ut.

7: Evigvarande problem

Plast forsvinn aldri. All den plasten vi produserer er komen for å bli. Noko av den plasten som blir kasta ut i naturen og havet blir broten ned til den miste forma for plast, som vi kallar mikroplast. Når ein er ute og fiskar, men sett fiskesnøret fast i botn av sjøen er det lett å gje opp, hente kniven og kappe snøret. Det vil då ta over 600 år før dette snøret blir brote ned til mikroplast. Plastflasker som blir liggande i naturen vil det ta 450 år før dei blir brotne ned til mikroplast.

8: Øyer av søppel

Rundt om i havet er det noko som har fått namnet «søppeløyer». Dette er område på havet der søppel er samla i store mengder og berre blir liggande å flyte. Den største av desse søppeløyane finn ein i Nord-Stillehavet og heiter The Great Pacific Garbage Patch. Berre 15 prosent av plasten ein finn i havet finn ein på overflata. Ein liten del flyt opp på land, mens 70 prosent finn ein på havbotn.

9: Dyreriket lir

Omtrent ein million sjøfugl døyr i året av plast. Sjøfuglen forvekslar plast med mat, eller får i seg mikroplast på andre måtar og får dermed ikkje i seg den næringa den treng og døyr. Sjøfuglen er ikkje åleine i å døy av plast. Andre sjødyr eter også mykje plast, og døyr. Eit eksempel på eter stort problem i dyreriket er skjelpaddeborn som set seg fast i plast, som gjer at dei veks opp med eit deformert skal, fordi skalet klarer ikkje bryta opp plasten. Ikkje berre sjødyr og fisk døyr av plast, men også pattedyr kan setta seg fast i plast og kvelast eller blir sittande fast og døy av svolt.

10: Resirkulerer vi nok?

Sidan 1950-talet har vi produsert over 8,5 milliardar tonn plast. Berre ni prosent av all denne plasten blir resirkulert. Resten blir anten brent (noko som frigjer karbondioksid), hamnar på dynga eller blir sloppe ut i havet og i naturen.

Dette er ti forferdelege fakta om plast, men lista stoppar ikkje her. Og noko av det verste er vel kanskje det at plastproduksjonen er ikkje på veg ned i det heile. Tvert i mot faktisk. Den går berre oppover.

Sjølv berre ein person som resirkulerer og vel vekk plast i kvardagen, kan gjere ein forskjell.

Ta utfordringa vår, og dropp plastposen ut året!

Vil du bli med på utfordringa? Meld deg på via Facebook-arrangementet vårt her.

Artikkeltags