Desse er Nh Ung

NH UNG: Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes.

NH UNG: Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Desse ti skal sørge for meir stoff om det ungdommen er opptatt av.

DEL

– No vil lesarane få sjå fleire reportasjar og saker for og om unge, slår Oliander Taule fast.

Han er eit av totalt ti ungdommar som no er tilsette som journalistar i den nye ungdomsredaksjonen til avisa Nordhordland: Nh Ung.

– Eg håpar vi vil nå ut til mange med det vi lagar, spesielt via sosiale medium der vi kjem til å bruke Snapchat, Facebook og Instagram aktivt, held Taule fram.

Lovar yngre avis

Ungdommane skal sjølve arbeide fram saker basert på eigne idear, og vil ta opp tema som dei sjølve og andre ungdommar er særleg opptekne av. Dei vil levere både tekst, foto og video.

– Eg trur det vil gi avisa fleire yngre lesarar, samtidig som det vi gi unge i Nordhordland får ei tydlegare stemmer, meiner Sunniva Myklebust-Hansen.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

– Det står ikkje så veldig mykje om ungdom i avisa no, skyt Synne P. Syslak inn.

No gler dei seg til å ta fatt på oppgåva med å grave fram dei gode historiene og sakene frå nordhordlendingar på deira eigen alder.

– Dette blir veldig spennande og lærerikt. Det er kjekt å vere med på noko heilt nytt! Eg har lyst til å bli journalist, så denne erfaringa blir veldig god å ha med seg, meiner Syslak.

Totalt var det meir enn dobbelt så mange som søkte om å få vere med i ungdomsredaksjonen. Dei ti som no utgjer ungdomsredaksjonen er sett saman av engasjerte ungdommar frå fleire ulike delar av nordhordland, og som har ulike interesser og tema som dei brenn for.

Julie Sætre

Julie Sætre Foto:

Julie Sætre:

18-åring som bur i Alvermarka. Har eit ønske om ei verd utan urettferd, der alle blir inkluderte på alle plan.

Peter Dimitrov Pletten

Peter Dimitrov Pletten Foto:

Peter Pletten

15-åring frå Lygra med stor interesse for foto og redigering. Driv sin eigen YouTube-kanal.

Guste Geciate

Guste Geciate Foto:

Guste Geciate:

15-åring frå Lithauen som bur i Alversund. Høyrer på Pink Floyd heile dagen lang.

Silje Vassdal

Silje Vassdal Foto:

Silje Vassdal:

16-åring frå Alversund som elskar å sjå dokumentarar og å lære språk. Ho elskar også skule generelt.

Synne P. Syslak

Synne P. Syslak Foto:

Synne P. Syslak:

15-åring frå Lindås som er opptatt av mennesker og likestilling. Livsmottoet er «ikkje spør kva verda kan gi deg, men kva du kan gi til verda.»

Oliander Taule

Oliander Taule Foto:

Oliander Taule:

18-år gammal skodespelar frå Hillesvåg, med stor interesse for media og nyheitsbildet.

Emma Kjenes

Emma Kjenes Foto:

Emma Kjenes:

17-åring frå Austrheim som elskar å spele fotball. Er litt over snittet glad i å lese bøker og har generelt ei positiv innstilling til livet.

Judith Børtveit

Judith Børtveit Foto:

Judith Børtveit:

18-åring frå frå Alversund. Går på formgivings-linja i Knarvik, og er interessert i kunst og litteratur. Trenar og syng i kor på fritida.

Amalie Ulveseth

Amalie Ulveseth Foto:

Amalie Ulveseth

16-åring frå Hjelmås som likar å bruke fritida på videoredigering, ta bilder og å drive med teatersminke.

Sunniva Myklebust-Hansen

Sunniva Myklebust-Hansen Foto:

Sunniva Myklebust-Hansen

17-åring frå Lindås som lever etter mottoet: «Grip alle sjansar som byr seg. Lev mens ein lever»

Får stor fridom

– Det er kjempekjekt å sjå at det er så stor interesse for å bidra til å gjere lokalavisa endå betre, og at så mange engasjerte ungdommar ønsker å vere ein del av vår nye satsing, seier journalist Eline Kirkebø, som saman med kollega Morten Sæle skal leie ungdomsredaksjonen.

Dei to lovar å blande seg så lite som mogleg i kva ungdommane skal ta tak i.

– Sakene skal dei finne sjølve. Vi vil sjølvsagt rettleie dei, men vi er temmeleg sikre på at ungdommane sjølv veit best kva ungdommar vil lese.

Artikkeltags