Tida stoppa då det gjekk opp for Oliander (19) at han hadde landa rolla

Spennande rolle: Oliander Taule (t.h) spelar rolla som Jørgen, sonen til Eirik Aber som blir spelt av Odd Magnus Williamson (t.v.). ALLE FOTO: PRIVAT

Spennande rolle: Oliander Taule (t.h) spelar rolla som Jørgen, sonen til Eirik Aber som blir spelt av Odd Magnus Williamson (t.v.). ALLE FOTO: PRIVAT

Artikkelen er over 1 år gammel

Oliander (19) har alltid drøymt om å bli skodespelar. Tida stoppa opp då det gjekk opp for han at han faktisk hadde landa si første rolle.

DEL

Nh Ung 

Oliander (19) frå Leknes har alltid hatt eit ønske om å bli skodespelar. I 2013 tok han difor saka i eiga hender og melde seg inn i eit «casting»-byrå. Først to år seinare fekk han ein mail om at det skulle haldast audition til ei rolle i den nye serien Aber Bergen. To veker etter mailen stod han i eit kvitt rom og prøvespelte heilt åleine framfor eit kamera.

– Det var ganske nervepirrande. Eg stod der åleine og skulle lese opp replikkane mine framfor to fremmande. Sjølv følte eg at det gjekk heilt ok, men eg hadde ikkje forventa å faktisk få rolla til slutt.

Oliander Taule i Aber Bergen

  • Aber Bergen er ein norsk TV-serie som hadde første sending 22. september 2016 på TV3.
  • Oliander Taule frå Leknes har vore med frå byrjinga, og også i sesong 2 som har gått på TV i år.
  • Oliander har rolla som Jørgen Aber Bergen, som er sonen til to av hovudpersonane i serien.

Klokka stoppa

Men etter to nye veker blei han sendt vidare til runde to, der måtte han improvisere og øve seg på å vise ulike kjensler. Til sist blei han send til Oslo for å møte hovudskodespelarane og å ete lunsj med regissøren.

– Når eg kom til Oslo trudde eg det var runde tre. Eg ante ikkje at eg allereie hadde fått rolla. Men så hadde eg lunsj med regissøren og plutseleg tok han opp mobilen. Han begynte å snakke og så høyrde eg: «Ja, eg sit her med han som skal spele Jørgen i Aber Bergen». Då stoppa klokka, og eg tenkte berre «shit! Fekk eg rolla?»

– Utruleg spennande

Etter at han landa rolla som Jørgen, sonen til Eirik Aber (Odd Magnus Williamson) og Elea Bergen (Ellen Dorrit Petersen), har mykje tid gått til innspeling.

– I andreklasse på vidaregåande hadde eg ein del fråvær frå skulen grunna innspeling og slikt, så eg hang litt etter fagleg. Eg må kanskje innrømme at skulen blei litt nedprioritert.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Men sjølv om Aber Bergen har teke mykje av tida til Oliander, syns han det er berre gøy uansett.

– Det er mykje arbeid, og lange arbeidstimar. Men eg ser eigentleg ikkje på det som ein jobb, heller ein hobby. Det er så utruleg spennande og morosamt!

Oliander held fram med at sjølv om det var rart å sjå seg sjølv på TV dei første gongane, synest han ikkje lenger det er merkeleg fordi han lett kan skilje mellom seg sjølv og karakteren hans.

– Jørgen er ganske ulik meg. Han gjer ein del som eg ikkje ville ha gjort. Eg er gjerne ikkje ein like vill type som Jørgen, men eg kan likevel kjenne meg mykje igjen i måten han berre ønsker å ta vare på familien sin. Eg trur at sjølv om vi er veldig ulike, så kan eg sjå mykje av meg sjølv i Jørgen.

Varierte scener

Gjennom dei to sesongane av Aber Bergen har Oliander vore med i mange scener, men han hugsar godt kva for ei han synest var artigast.

– Den kjekkaste scena, eller kulaste kanskje, var definitivt ei scene der vi brukte hagle og det var litt slåsting og sånn. Det var veldig kult å vere med på.

Han trekk også fram scenene som går føre seg i ein rettssal. Han fortel at det verkar veldig ekte når ein sit midt i det, og forklarar at det trass alt er advokatar og dommarar som har skrivet manuset for at alt skal verke så realistisk som mogleg.

Nye kjenningar: Gjennom Aber Bergen har Oliander blitt kjend med fleire kjende skodespelarar.

Nye kjenningar: Gjennom Aber Bergen har Oliander blitt kjend med fleire kjende skodespelarar.

Fleire roller

Etter at Oliander blei med i Aber Bergen, har han fått prøve seg på fleire ulike roller i forskjellige filmar og seriar. Blant anna har han spelt i kort filmen Voyager.

– Voyager er det første filmformatet eg har vore med på, så det syns eg var veldig kult. Det er ein SCI-fi film, og var med i konkurransen om beste kortfilm. I tillegg til at den blei vist under BIFF, så har den faktisk gjort det ganske bra i utlandet også. Blant anna blei den vist på ein stor filmfestival i Italia.

– Køyr på

Å bli skodespelar eller jobbe innan film har alltid vore draumen til Oliander og han føler seg veldig heldig som har fått vore med på eventyret i Aber Bergen og i kortfilmen, og anbefaler alle som er interessert i å drive med skodespel og liknande å berre køyre på.

– Å vere med i Aber er så sjukt feitt. Eg har blitt kjent med mange fete folk, som Odd Magnus og Ellen. Heile opplevinga har vore magisk. Det å vere på settet og samarbeide med alle dei fantastiske folka som er med, det er utruleg kjekt! Så dersom du ønske å drive med noko i den duren, meld deg inn i eit «casting»-byrå og gå på mange auditions, oppfordrar Oliander.

Oliander Taule har også vore med som journalist i Nh Ung i 2017.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Artikkeltags