Med ideen «Date me» vil Tobias, Malene og Sigrid minke matsvinnet

Syttenåringane Tobias Haugland,  Malene Sagstad og Sigrid Farestveit vil ha slutt på det enorme matsvinnet, og håpar ideen deira «Date me» vil bidra til nettopp det.

Syttenåringane Tobias Haugland, Malene Sagstad og Sigrid Farestveit vil ha slutt på det enorme matsvinnet, og håpar ideen deira «Date me» vil bidra til nettopp det. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ei maskin som skriv ut ein klisterlapp med datoen for kor tid ein opna ei matvare. Med denne ideen vil ungdomsbedrifta «Date me» hindre at mat hamnar i bosset.

DEL

Nh UngPlanen er å skape eit produkt som skal hindra unødvendig kasting av mat.

– Ideen er ei maskin som skriv ut eit klistremerke med dato som ein kan klistre på ein matvare for å halde styr på når ein opnar maten, fortel Tobias Haugland (17).

Saman med jamaldringane Malene Sagstad og Sigrid Farestveit tar dei valfaget entreprenørskap ved Knarvik vgs., der dei har starta opp si eiga bedrift.

Gruppa synest matsvinn, som det også har vore ein del fokus på i media i det siste, er veldig viktig. Derfor bestemte dei seg for å lage eit produkt som skal hindra nettopp dette. Då kom ideen om «Date me».

Ideestadiet

Men å starte bedrift krev tid. Berre vegen fram til å finne namnet, og sjølve ideeprosssen, har vore lang. Idéprosessen har så langt vore den lengste delen.

– Vi velde kven vi ville arbeide saman med, for å så starte idémyldringa saman. Dette tok lang tid, men det var Tobias som kom opp med både namn og idé til kva me skulle gjere, fortel Sigrid.

  • Nh Ung er også opptatt av miljøet, og har laga ei utfordring: Å droppe plastposar ut året.Vil du bli med på utfordringa? Meld deg på via Facebook-arrangementet vårt her.


Tobias svarar at då han først hadde komme opp med ideen var han ganske så bestemt på at det var dette han ville gjere.

– Det er mykje fokus på miljø, klima og matsvinn i media. Det er nesten blitt ein trend i Ung Bedrift-miljøet å skape ting som gjer det lettare for folk å ta vare på miljøet, noko som vi synest er bra, fortel Tobias.

Treng hjelp

Det å starte ei bedrift kan vere krevjande. Ein treng alt frå logo til god promotering. Noko er på plass, men mykje står att. Gruppa fått på plass logo og Facebook-side for bedrifta, men utviklinga av produktet treng dei hjelp med.

– Vi har vore i kontakt med forskjellige bedrifter for å få hjelp og kompetanse, for det er jo litt vanskeleg å lage dette produktet heilt sjølv. Ingen av oss er så veldig teknologiske, fortel Malene.

Målet for gruppa er å ha ein prototype av «Date me» til den årlege UB messa i Mars 2018. Her skal dei og mange andre håpefulle unge bedrifter frå heile Hordaland møte opp på Amalie Skram vgs., kor dei skal sette opp deira eigen «stand» der dei viser fram produkta sine til dommarane og publikum. Her håper dei på å komme vidare til finalen og dei håper sjølvsagt på at deira bedrift vinn.

Tobias fortel at det er ein del unge bedrifta som sel ideen sin vidare om dei gjer det bra, men om det går bra for Date me ønsker dei å drive bedrifta fram sjølv.

– Målet vårt for bedrifta er først og fremst å få 100 kundar. Vi har hatt spørjeundersøkinga der folk har svart på om dei ønsker å kjøpe produktet, om det blir reelt. Då fekk vi veldig god respons, fortel Tobias.

Artikkeltags