Knarvik-russ tar avstand frå vill pengebruk og ukultur

Håvard Hystad Hugaas, Vendelin Fedje og Ida Thomassen skal vere russ til våren. Dei presiserer at alle russ som ynskjer å stå inne for haldningane som vert portretterte gjennom media.

Håvard Hystad Hugaas, Vendelin Fedje og Ida Thomassen skal vere russ til våren. Dei presiserer at alle russ som ynskjer å stå inne for haldningane som vert portretterte gjennom media. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ungdommane meiner skilnadane mellom by-russ og bygde-russ er større enn nokon gong.

DEL

For avgangselevane på Knarvik Vidaregåande skule nærmar russetida seg med stormskritt, og med kvar vår følger òg ein kronikkstorm rundt moral, kvinnesyn og pengeflaum i russetida. Men, som i alle andre kulturar, finn ein òg nyansar i russekulturen. Vendelin Fedje, Håvard Hystad Hugaas og Ida Thomassen skal vere russ til våren og trur skilnaden mellom «by-russ» og «bygde-russ» er større enn nokon gong. Mange skapar eit bilde av ein russekultur som vert verre og verre for kvart år, men korleis er det eigentleg å vere russ i Nordhordland?

Mange fordommar

Håvard, Vendelin og Ida fortel at dei alle gler seg til russetida, men dei trur òg at russetida kan by på utfordringar.

– Det er mange som har fordommar mot russen, kanskje fordi det er først og fremst dei dårlege eksempla som vert trekte fram, seier Håvard.

Eitt eksempel er russelåten «Playboy» som nyleg var trekt frå straumetjenastane på grunn av grovt innhald.

Håvard fortel vidare at det ikkje er alle russ som ønsker å stå inne for haldningane som vert portretterte gjennom media. Dei tre trur heller ikkje at Knarvikrussen kjem til å leve opp til dei fordommane og forventningane folk eventuelt måtte ha, men er klare på at det er opp til dei sjølve å påverke medrussen positivt.

– Større press i byane

Håvard, Vendelin og Ida er derimot einige om at dei trur presset er større i byane enn på landet. Slik dei oppfattar det er det i byane, som dei i SKAM-universet ville sagt; russetida som legg grunnlaget for eins sosiale liv. Dei trur at tidleg konkurranse mellom russebussar og høg pengebruk skapar større press og dårlegare «russemoral» blant byrussen. Vendelin er spesielt glad for at ho slepp dette presset. Ho har ikkje høyrd om nokon russebussar som høyrer til Knarvik-miljøet og trur det er viktig for fellesskapet at ein ikkje har slike grupperingar. Ida nikkar seg einig.

– Det er større fridom her. Ein kan ta på seg russebuksa og vere nøgd med det. Vi feirar som dei vi er, saman med dei vi er glade i, seier Ida.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Ungdommane meiner skilnadane mellom by-russ og bygde-russ er større enn nokon gong.

– Det er mange fordommar, seier Knarvik-russ Håvard Hystad Hugaas.

Mindre prestisje og pengebruk

Håvard er òg glad for at russetida ikkje er knytt til prestisje og pengebruk på same måte som i storbyane. Både han og dei to andre synest det er svært synd dersom russetida skal vere ei kommersiell greie med eit felles mål om å bruke pengar. Han er bekymra for at byrussen til slutt skal måtte ta opp eige «russelån» for å nærast kjøpe seg sosial akksept.

– Pengebruken er høg nok som den er, sjølv utan russebuss, seier Ida, som håpar og trur at feiringa vil vere verdt kostnadane til slutt – ein feirar trass alt berre éin gong.

«Generasjon prestasjon»

Ida Thomassen, som elles sit i årets russestyre, synest det er synd at det berre er dei dårlege eksempla som kjem til syne. Ho synest det er minst like viktig å framheve dei positive sidene ved russetida. Blant anna har dei alle tre deltatt på russen sin innsamlingsaksjon, Krafttak mot Kreft, som gir russen både godt samvit og ei minibøsse i hua. Dei smiler når dei fortel at det òg finst ei rekke andre morosame og koselege russeknutar ein kan gjennomføre.

Håvard påpeiker likevel at russetida naturlegvis òg handlar om å bryte, om ikkje mykje, så i alle fall litt med «generasjon prestasjon». Han håpar at russetida kan vere ein arena for å kunne sleppe seg laus og vere ein uperfekt versjon av seg sjølv.

– Det er viktig å ha det gøy og finne på tull og tøys, så lenge ein ikkje trassar eigne grenser.

Ida synest òg det er viktig å påpeike at russen trass alt har noko å feire.

– Ein har gått på skule saman lenge, nokon i heile tretten år, og fokuset burde då vere på å inkludere alle og få ei så bra feiring som mogleg, alle saman, avsluttar Ida.

Artikkeltags