Har laga nyvinning som reduserer skorsteinsutslepp

HÅP OM SUKSESS: Mathias, Aleksander og Ida ventar i spenning medan produktet gruppa har utvikla er under testing i Trondheim.

HÅP OM SUKSESS: Mathias, Aleksander og Ida ventar i spenning medan produktet gruppa har utvikla er under testing i Trondheim. Foto:

Av

Fem ungdommar frå Knarvik vgs har saman laga eit produkt som skal minka forureining av med 30 prosent.

DEL

– Vårt produkt heiter «Frisk luft». Dette er eit produkt som skil ut partiklar frå peisfyring. Målet er å minka utsleppet frå skorsteinar med 30 prosent. Dette kan minka byureining, spesielt om vinteren når det er så mykje vedfyring, forklarer Aleksander Mariñas (17).

LES OGSÅ: Miljøvennlege bussar kan kosta 54 millionar kroner ekstra

Produktet er eit filter som kan enkelt plasserast oppi skorsteinen og byttes ut av skorsteinsfeiaren.

Mariñas går på vg1 på linja Teknologi i Praksis (TIP) i Knarviksaman med Mathias Kvalheim (17), Gikk Srikhao (18), Christoffer Strand (16) og Ida Rossland (17). Saman har dei utvikla dette produktet på skulen heilt frå grunnen.

Nyleg deltok dei på Fylkesmessa UB på Amalie Skram vgs, der Nh Ung møtte ein litt nervøs gjeng som skulle vise fram det dei hadde jobba med i sju månader. Og gjennom det sju månadane, har det ikkje berre vore enkelt, fortalde dei..

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Dei fortel at det å starta ei eiga bedrift i så ung alder er vanskeleg, men med god hjelp frå kvarandre og andre vaksne har dei komme langt. Dei har vore i møte på Brannstasjonen i Knarvik, fått hjelp frå faren til Mathias og dei fleste dei har spurd om hjelp har heller ikkje vore vanskeleg å spørja.

LES OGSÅ: – Mange ungdommar i Nordhordland mister sjansen til å gå denne linja

– Det var vanskeleg å finna ein idé. Vi hadde ikkje mykje motivasjon alltid, men lærarane pusha oss når motivasjonen var lav så vi til slutt kom opp med ein idé. Og ideen fekk vi frå faren til Mathias. Han hadde prøvd på noko liknande før. Hans idé sett i gong vår eiga prosess med å skapa noko i same dur som han hadde prøvd på, fortset Mariñas.

Produktet er no under vidare utvikling og testing i Trondheim. Mariñas, Rossland og Kvalheim forklarer at dei håper sjølvsagt å koma vidare til NM i Lillestrøm i Mai.

Ungdomsbedrift:

Ei ungdomsbedrift er ein bedrift starta opp av ein gruppe elevar som går på vidaregåande skule. Dei startar opp ein bedrift via et fag på skulen eller som eit eiga fag. Denne bedrifta startar dei opp på eiga hand, alt frå idéfasen til produktutvikling med berre rettleiing av vaksne.

– Målet er forhåpentleg å gå vidare til NM. Vi har mest lyst til å selja ideen vår vidare. Og om det går bra med bedrifta kan me kanskje få gjort den om frå ein UB til ein AS, altså eit aksjeselskap.

LES OGSÅ: Knarvik-russ tar avstand frå vill pengebruk og ukultur

– Har du nokon tips til elevar som skal starta ein ungdomsbedrift?

– Tenk enkelt. Ikkje ver for nøye og ikkje stress med å bli ferdig for då blir det alltid for unøyaktig. Ha eit godt fellesskap i gruppa. Kanskje ta ein time eller to der de samlar dykk og bestiller ein pizza eller noko og berre har det kjekt i lag, er Rossland sitt råd til alle som skal starta ei ungdomsbedrift.

Artikkeltags