No er denne gjengen i Etiopia: – Då eg fekk vite at eg fekk bli med, blei eg heilt sjokkert!

Brage (til venstre), Åsne (i midten) og Stine (til høgre), samt fotografen, er dei heldige som blei valde ut til å reise til Etiopia i samband med det humanitære prosjektet "The Great Ethiopian Run".

Brage (til venstre), Åsne (i midten) og Stine (til høgre), samt fotografen, er dei heldige som blei valde ut til å reise til Etiopia i samband med det humanitære prosjektet "The Great Ethiopian Run". Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det seier Stine Marie Solbakken (15), som saman med tre andre frå Knarvik ungdomsskule blei valde ut til å reise til Etiopia i samarbeid med UNICEF.

DEL

Førre søndag reiste fire ungdommar saman med Knarvikmila til Etiopia sin hovudstad Addis Abeba. Her skal dei levere pengar som er blitt samla inn gjennom det humanitære prosjektet The Great Ethiopian Run, som er eit samarbeidsprosjekt med UNICEF som Knarvik ungdomsskule har vore med på. Pengane skal mellom anna gå til utviklingsprogram for å betre tilhøva og framtida for kvinner, barn og familiar, ved å gje betre utdanning.

The lucky ones

Eg, Guste Gecaite frå Nh Ung, er sjølv ein av dei «lucky ones», som saman med Stine Marie Solbakken (15), Åsne Olsvik (15) og Brage Legernes (14) blei trekt ut til å reise til Etiopia i samband med prosjektet. Sjølv hadde eg store forventningar til reisa, og like før avreise tok eg ein prat med dei andre i reisefølget om deira tankar rundt turen.

– Då eg fekk vite at eg fekk bli med på reisa, blei eg berre heilt sjokkert. Det var så liten sjanse for å få bli med, sidan mange andre elevar frå heile skulen søkte, fortalde Stine.

Stine og eg blei eigentleg trekt ut for å overlevere pengane i fjor, men sidan det var litt uroleg i landet då, blei det bestemt av vi skulle vente eit år og heller sjå om det var trygt å reise då.

Heldigvis roa situasjonen i landet seg, og vi fekk klarsignal. I tillegg fekk også to nye elevar frå Knarvik Ungdomsskule bli med, som då er Brage og Åsne.

– Eg blei veldig glad når eg blei fortalt at eg skulle få vere med på reisa, sa Åsne, som har høyrt positive ting frå ei kusine som også har deltatt på ein liknande tur tidlegare.

Men trass i at ho hadde fått eit visst innblikk i kva som ville møte dei, var det ikkje lett å førebu seg til kva dei hadde i vente.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Forventningane

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal førestille meg, sa Åsne ærleg.

Ho fortalde vidare at ho veit at livet der nede er annleis og at leveforholda er heilt forskjellige frå korleis dei er her. Likevel var det vanskeleg å sjå for seg korleis opplevinga kom til å bli. Stine og Brage la til at dei venta å sjå store forskjellar på fattige og rike i landet.

Alle var likevel samde om at det viktigaste med reisa er å sjå og oppleve korleis livet i Etiopia er, og dele det dei lærer med andre her heime.

The Great Ethiopian Run

Etiopia-reisa har blitt gjennomført i fleire år, og dei som har reist tidlegare har også reist akkurat i november. Men kva er det som gjer at reisa blir lagt akkurat til november månad? Jo, det er nemleg då The Great Ethiopian Run går føre seg. Det er gjennom dette prosjektet at pengane blir samla inn, og overlevert. Både elevane frå Knarvik, og dei vaksne frå Knarvikmila, skal delta på det ti kilometer lange løpet. I år er det totalt rundt 44.000 menneske som er påmeldt for å bli med på dette store arrangementet som skjer kommande søndag.

Nye opplevingar

Før avreise fortalde Stine vidare at ho gler seg mest til å hjelpe andre, Åsne såg fram til å møte nye, lokale folk, og Brage gledde seg i tillegg til å møte den verdskjente langdistanseløparen Haile Gebrselassie, som har vunne to OL-medaljar i gull. Men sjølv om det var mykje å sjå fram til, var det også nokre ting som var litt skumle.

– Eg gruar meg mest til å sjå kor dårleg nokon kan ha det, sa Brage, og la til at han håpar dei kan vere med å glede nokon gjennom reisa og prosjektet.

Artikkeltags