Nh Ung gir deg: Sju tips til korleis ein kan få julestemning – trass i drittvêret

Nh Ung håpar du får skikkeleg julestemning, og ei skikkeleg fin jul!

Nh Ung håpar du får skikkeleg julestemning, og ei skikkeleg fin jul! Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Dersom ein spør ein vestlending om kva dei ønsker seg til jul, kan eg garantere at nokon vil seie snø. Mange meiner at snø er det viktigaste som skal til for at julestemninga skal slå seg laus. Dessverre er ikkje me her på Vestlandet så heldige at me får snø kvart einaste år på julaftan, tvert i mot. Me må lide oss gjennom storm, regn og litt hagl viss me er heldig. Men korleis kan ein då få julestemning, når snø er det einaste som skal til? Nh Ung gir deg topp sju tips til korleis ein kan få julestemning, sjølv om været ikkje er på topp!

1. Pynt huset!

Sjølv om vêret kanskje ikkje er heilt det optimale julevêret, så betyr det ikkje at jula er øydelagt. Korleis det ser ut i heimen kan ha mykje å seie på stemninga. Trekk for gardina slik at du ikkje treng å sjå det ruskete regnet slå på ruta, og finn fram julepynten! Dersom nokon fortel deg at det er for tidleg å pynte til jul, så kan eg garantere deg at dei tar feil, for det er det berre du som kan bestemme. Jo meir pynt jo betre!

2. Juleverkstad!

Juleverkstad er kanskje noko av det koselegaste ein kan finne på i jula. Samle nokon venner, slå på julemusikken og lag noko! Ikkje berre kan de lage julepynt, men òg gåver til heile familien. Hugs, foreldre/besteforeldre/tanter/onklar osv. ELSKAR å få heimelaga ting til jul. Her er det berre å sleppe fantasien laus.

3. Lag ei liste over ting du vil ha klart til jul!

Jula kjem alltid, snø eller ikkje, og julestresset må ein gjennom uansett. Den beste måten du kan få ei klar oversikt over kva du må få gjort før jul er å lage ei liste. Det er mykje som skal gjerast, gåver som skal kjøpast og folk som skal gledast. Lag ei liste over kva du må få ferdig så kanskje du gløymer det forferdelege vêret utanfor!

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

4. Lag ei julespeleliste!

Musikk hjelper alltid på stemninga. Lag ei julespeleliste og høyr på den kvar gong du har moglegheit. Bonuspoeng viss du lærer deg alle songane!

5. Ha ein vennekveld!

Vener og familie er noko av det viktigaste ein treng for å komme i julestemning. Inviter dine næraste vener og ha ein liten vennekveld! Høyr på julemusikk, sjå ein julefilm, eller berre nyt nærværet.

6. Gi til andre!

Gode gjerningar gjer både deg sjølv og nokon andre noko godt. Kjenner du nokon som kanskje ikkje er like heldige som deg denne jula? Gi til dei vel. Å glede nokon er noko av det beste ein kan gjere, spesielt i juletida.

7. Kle deg i juleklede! 

Du veit den følelsen når du kjøper treningsklede og plutseleg er treningsmotivasjonen på topp? Tru det eller ei, men dette kan fungere med juleklede og. Kjøp ein stygg julegenser (jo styggare jo betre), ein julepysj eller noko anna relevant til jul og gå med det så ofte du kan, og det vil garantert hjelpe på julestemninga.

Artikkeltags