Ungdommane er letta: Måndadskortet blir ikkje dyrare likevel

– Dette er ei veldig viktig avgjerd som vil bidra positivt til ungdommen sine haldningar til kollektiv transport, meiner Marius Hellan Hindenes og ungdommens fylkesting. Bilde er tatt då Nh Ung møtte han i samband med at det vart varsla auke i prisane. Foto: Emma Kjenes
Fylkesrådmannen ville auke prisane på måndagskort med nesten elleve prosent. Ungdommen er letta over at det ikkje blir noko av.
Nh Ung I oktober foreslo fylkesrådmann Rune Haugsdal og hans administrasjon å auke kollektivprisane, noko som ville gått hardt ut over lommebøkene til ungdommen. Månadskortet for ungdom var nemleg foreslått å aukast frå 365 kroner i månaden til heile 405 kroner i månaden. Det var nokre av ungdommane ekstremt misfornøgde med.
– Feil signal
Men i slutten av november blei det klart at fylkestinget valde å gå imot forslaget til fylkesrådmannen, og heller fryse prisane for ungdomskortet og periodekort for born. Det betyr at prisane blir dei same som no, også i 2018.
Fylkesvaraordførar Pål Kårbø fortel at bakgrunnen for at fylkestinget landa på denne avgjerda er det at samarbeidspartia Ap, KrF, Sp og SV meiner det er viktig å skapa gode kollektivvanar for born og ungdom i tidleg alder.
– Ein auke på nesten 11 prosent, slik som fylkesrådmannen foreslo, var eit feil signal å sende i den samanhengen, seier han til Nh Ung.
Nh Ung
Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.
I tillegg vil han også legge til at det er svært bra at alle, born og vaksne, frå 1. august neste år vil kunne kjøpa billettar til «bypris» i heile Nordhordland på app.
Forslaget om å auke bussprisane slo ikkje an blant ungdommen, og Marius Hellan Hindenes (16) representant frå ungdommens fylkesting, var blant dei som reagerte på dette.
– Det vil berre gjere det mindre gunstig for ungdommen, sa han til Nh Ung i oktober.
Følg Nh Ung:
Gode erfaringar
Ungdommens fylkesting meiner det er viktig at ungdom i tidleg alder får gode erfaringar med kollektiv transport, og at det er mykje lettare å få gode haldningar til kollektiv transport dersom ein har eit godt tilbod ein faktisk har råd til.
– Å auke prisen på ungdomsbilletten vil bidra til å øydelegge ungdommen sitt forhold til kollektiv transport, slår han fast.
Hindenes synest det er positivt at politikarane valde å gå vekk frå forslaget til fylkesrådmannen og ikkje auke prisane, og heller høyre på ungdommane som faktisk brukar ungdomskortet.
– Dette er ei veldig viktig avgjerd som vil bidra positivt til ungdommen sine haldningar til kollektiv transport, meiner Hindenes og ungdommens fylkesting.
Kommentarer til denne saken