Årets siste papiravis blir HEILT spesiell: Denne gjengen tar over heile utgåva

Lærerikt: – Dette har vore ei veldig god erfaring der vi har lært korleis avisproduksjon fungerer og korleis ein jobbar i ein avisredaksjon, seier Peter Pletten. Her saman med (frå venstre) Amalie Ulveseth, Emma Kjenes, Sunniva Myklebust-Hansen og Guste Gecaite. Dei er berre noke av ungdommane i redaksjonen, som totalt består av 10 stykk.

Lærerikt: – Dette har vore ei veldig god erfaring der vi har lært korleis avisproduksjon fungerer og korleis ein jobbar i ein avisredaksjon, seier Peter Pletten. Her saman med (frå venstre) Amalie Ulveseth, Emma Kjenes, Sunniva Myklebust-Hansen og Guste Gecaite. Dei er berre noke av ungdommane i redaksjonen, som totalt består av 10 stykk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Nh Ung har levert så mykje bra at vi har latt dei ta over heile den årets siste utgåve av avisa Nordhordland. Det angrar vi ikkje på!

DEL

No kan du som er abonnent lese nyttårsavisa som e-avis her!

Med ein miks av nye saker og saker som har vore publisert gjennom året, har ungdomsredaksjonen fylt absolutt heile årets siste papiravis.

Det betyr at avisa som kjem ut laurdag 30. desember blir heilt spesiell. Alt stoffet i denne er nemleg laga utelukkande av ungdommane, der dei set lys på ei stor mengd saker og tema som dei sjølve er opptekne av. Heile utgåva har derfor eit ungt perspektiv, men sakene kan treffe både unge og eldre.

Berre éin beskjed

– Når dei har gjort så mykje bra, ønskte eg at dei skulle få sjansen til å boltre seg litt fritt. Difor fekk dei anledning til å lage årets siste avis i si heilskap – ei utfordring dei tok på strak arm, seier ansvarleg redaktør Trond Nydal i avisa Nordhordland.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

– Dette er ein fin måte å vise mengda av stoff og breidda i tema dei har levert. Alle prioriteringar er gjort av ungdommane sjølve i samråd med journalistane Eline Kirkebø og Morten Sæle. Eg har berre gitt ein beskjed: At Tett på-sidene og kryssordet måtte vere med sidan det er laurdagsavis. Det blir for mange telefonar viss ikkje! legg han til.

To nye år

Han avslører også at ungdomsredaksjonen vil halde fram i to nye år.

– Prosjektet har blitt gjennomført med økonomisk støtte frå Vinjefondet. No har vi fått tilsegn om støtte i to nye år, og då kan vi halde fram, noko vi er veldig glade for.

Engasjerte: Ung-journalistane Silje Vassdal og Synne P. Syslak skriv både reportasjar og kommentarar.

Engasjerte: Ung-journalistane Silje Vassdal og Synne P. Syslak skriv både reportasjar og kommentarar.

– God erfaring

Det er også dei ti ungdommane i Nh Ung glade for.

– Sjølv om det har vore stress enkelte dagar, har vi verkeleg fått igjen for strevet. Det er ikkje mange som får ei slik erfaring i så ung alder, seier ung-journalist Sunniva Myklebust-Hansen.

– Målet vidare er å vere endå kulare og nå ungdommen endå betre, seier ung-journalist Emma Kjenes, som synest det er ekstra kjekt å skrive ting som engasjerer og provoserer og håpar ungdomsredaksjonen vil gjere meir av dette i året som kjem.

Artikkeltags