Juni Mikkeline Fløysand (17) frå Frekhaug har vore veganar i eit år og meiner det er fleire fordelar ved å ete utelukkande plantebasert - både for ho sjølv og for kloden.
Guste Gecaite/Nh Ung

Juni (17) har bestemt seg: Skal aldri ete noko animalsk igjen

I eitt år har Juni Mikkeline droppa alt frå mjølkesjokolade til ost. Som veganar har ho nemleg planar om å leve utan å ete noko som helst frå dyreriket - livet ut.
Publisert
DEL

Nh UngJuni Mikkeline Fløysand (17) frå Frekhaug har vore veganar i eit år. Det vil seie at ho ikkje et noko animalsk, altså ingenting som kjem frå dyreriket. I tillegg til å unngå kjøt, slik vegetarianarar gjer, held veganar seg unna alt som stammar frå dyr. Det inkluderer mellom anna fisk, egg og alle meieriprodukt – både ost, yoghurt og mjølk.

I januar feira Mikkeline eittårsjubileum som veganar, og ho har bestemt seg:

– Eg skal aldri ete noko animalsk igjen, seier ho med eit smil til Nh Ung.

17-åringen meiner denne livsstilen passar ho utmerka.

– Eg er veldig opptatt av dyrevelferd og miljø. Det er det som gjer at eg kvar dag tar valet om å ikkje ete noko animalsk.

Juni utdjupar dette med at produksjonen av både fisk, svin, kylling, storfe og sau krev store mengder fôr. Ho trekk sæårleg fram det store forbruket av soya.

– Soyaplanten blir brukt i dei aller fleste fôra, men importeringa av planten bidrar til massiv nedhogging av regnskog i Amazonas, fortel Juni.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Dette, fortel ho, set både urbefolkninga i fare òg fører til at det biologiske mangfaldet i desse områda blir sterkt redusert. For å få ei berekraftig utvikling på planeten, meiner Juni at folk må kutte kjøtforbruket.

Sjølv synest ho heller ikkje at tanken på å ete daude dyr er spesielt koseleg.

– Eg vil vere så langt frå all slags dyremishandling som det berre går an, seier ho.


Men å vere veganar inneber også at ho må takke nei til til dømes mjølkesjokolade, noko fleire kanskje kan lure på korleis ho klarer.

– Mjølkesjokolade saknar eg ikkje i det heile tatt! Det finst veldig gode veganske sjokoladar som smaker minst like godt som den tradisjonelle mjølkesjokoladen og som ikkje har nokon ingrediensar som kjem frå dyr i seg. Det aller meste kan eigentleg bli erstatta av planter, seier Juni.

Ho legg til at då kan ho kose seg med maten med god samvit.

Handleturane for Juni går raskt når ho berre kan gå rett forbi både kjøt- og meieriavdelinga.

Handleturane for Juni går raskt når ho berre kan gå rett forbi både kjøt- og meieriavdelinga. Foto:


Jul utan pinnekjøtt?

Mange nordmenn plar å tygge på pinnekjøtt eller liknande på julaftan, og å ete graut er ikkje mindre populært rundt juletida. Med matvanane som Juni har etablert seg, kan det fort bli vanskeleg å halde oppe desse mattradisjonane. Men ifølge Juni, som no har lagt bak seg si første jul som veganar, er heller ikkje dette noko problem.

– Risgraut kan ein lage på heilt same vis, det er berre å erstatte vanleg kumjølk med anten havremjølk eller mandelmjølk, seier 17-åringen.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Pinnekjøtt har Juni aldri ete på julaftan før. I heimen hennar har kalkun vore meir vanleg. Men Juni har aldri likt tanken på å ete dyr.

Saman med mora, som også nyleg blei veganar, har dei no funne mykje inspirasjon til god mat som dei kan lage, på nettet og spesielt YouTube. På julaftan laga dei omnsbakt graskar, med både ris, squash, sopp og mykje anna godt i seg. Sjølv om denne jula har vore den første for Juni som veganar, var ho storfornøgd med julematen.

– Det finns mykje ein kan ete sjølv om ein vel vekk animalske produkt! Jo lenger ein er veganar, jo fleire alternativ til mat finn ein.


Annleis mat – annleis liv

Juni fortel at ho opplever å ha funne nye smakar på grunn av etemåten. Mat smakar meir og betre, fordi at smakssansane har forandra seg, meiner ho.

Ifølge Juni kan ein altså ete mykje god mat som veganar, men det finst ulike oppfatningar kring korleis eit vegansk kosthald er for helsa. Eit spørsmål Juni får ofte er korleis ho får nok protein i seg.

Den 17-år gamle veganaren er veldig glad i grønnsakar og vel meir enn gjerne grønt.

Den 17-år gamle veganaren er veldig glad i grønnsakar og vel meir enn gjerne grønt. Foto:

– Bønner, linser, erter, kikerter, spinat, brokkoli og Tofu er eksempel på matvarer med protein. Så lenge ein et nok kaloriar, og har eit variert kosthald beståande, så vil ein få i seg nok protein ifølge alle kjelder som eg har søkt informasjon i, hevdar Juni.

Ho fortel at ho har undersøkt dette mykje sjølv, sidan det er så mykje forskjellig som blir fortalt om at veganisme er dårleg for helsa. Ho viser mellom anna til «Kinastudien» ; ei bok som tar føres seg korleis vegansk kosthald kan vere bra for helsa. Studien konkluderer med at om ein et variert nok, kan eit vegansk kosthald vere med å førebygge fleire sjukdommar som kreft, høgt blodtrykk, hjarteproblem, overvekt og fleire.

Sjølv om det finnast fleire studiar med ulike konklusjonar kring vegansk kost, er Juni overbevist om at dette kosthaldet er rett for ho.

Viktig om vegansk kosthald

  • Helsedirektoratets offisielle kosthaldsråd anbefaler eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengde bearbeidd kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.
  • Om ein er vegetarianar eller veganar vert det anbefalt å ta tilskot av vitamin B12, samt å passe på å få i seg nok Kalsium, Jod, D-vitamin, Vitamin B" og B6, jern, sink, selen, protein og omega-3-feittsyrer.
  • Konsulter med lege eller klinisk ernæringsfysiolog før du legg om kosthaldet.

Likevel forstår ho kvifor andre kan synest det er vanskeleg å skulle droppe alle animalske produkt.

– Eg kjenner fleire som har vore veganarar, men etter ei stund har dei gått tilbake til den «vanlege» etemåten, fordi dei ikkje har klart å motstå freistingane. I byrjinga er det ofte vanskeleg å gi opp dei produkta ein er vant til å ete. Etter kvart når ein klarer det, blir det enklare og enklare, fordi ein finn så mykje andre produkt å ete, hevdar Juni.

Ho har fleire gongar fått høyre at folk respekterer ho for valet hennar og at dei veit at dei burde gjere det same, sjølv om dei meiner dei aldri hadde klart det.

Likevel har Juni eit håp om at fleire skal bli veganarar, då ho meiner skaden kjøtkonsumet fører til for både dyr og natur er katastrofal.

– Prøv det ut i ei veke og ikkje ver så streng i byrjinga, men gjer ditt beste.

Ho oppfordrar folk til å sette i gang å gjere eigen research, og å samle motivasjon. Ho tipsar òg om å finne gode argument som ein kan bruke når ein hamnar i diskusjonar om veganisme.

– Det er litt feil bilde av veganarar i samfunnet, synest eg. Vi er ikkje så ekstreme som folk trur vi er, avslutta ho.


Artikkeltags