For Sunniva (19) vart valet om folkehøgskule spontant

For Sunniva har året på folkehøgskulen vore fylt med nye og kunnskapsrike opplevingar, og ho følar sjølv at dette året har lært ho vel så mykje om livet, som skulegongen har gjort.

For Sunniva har året på folkehøgskulen vore fylt med nye og kunnskapsrike opplevingar, og ho følar sjølv at dette året har lært ho vel så mykje om livet, som skulegongen har gjort. Foto:

DEL

Opphavleg hadde Sunniva S. Skeidsvoll sett føre seg eit år kor ho arbeidde, men slik vart det ikkje.

Det fyrste spørsmålet som vert spurt då vi hadde sett oss i sofaen for å prate, gjekk ut på kvifor Sunniva valde eit år på folkehøgskule. Ho fortel ope om korleis enda eitt år med «skule» eigentleg ikkje var planen hennar.

– Avgjerda var veldig spontan, eg hadde eigentleg tenkt å berre ta eit friår for å jobbe, men det har seg slik at eg har ei mor som av og til veit litt betre for meg, enn kva eg sjølv gjer. Ho kjenner ei som jobbar på skulen, og har nok tenkt at eg burde ha gått på folkehøgskule, og at dersom eg hadde tatt eit friår så hadde eg berre gått på eit smell. Så ho introduserte Nordhordland Folkehøgskule for meg då, og her er eg.

Det kjem fram i samtalen at ho har opplevd å få god støtte heimanfrå, og at året hittil har gitt ho både fleire og betre opplevingar og kunnskapar enn eit friår ville ha gitt.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Det var jo mora mi som klarte å lure meg med på ideen om folkehøgskule, og eg har opplevd at andre har vore støttande og positive på mine vegne. Eg trur dei merka at denne linja passar heilt perfekt for meg. Det er som eit friår, men i ei positiv forstand.

Sjølv om kvardagen på folkehøgskulen til tider kan vere litt hektisk, er økonomien ikkje noko Sunniva stressar så mykje med. ho fortel at Lånekassen har ei fin ordning kor ein kan søke støtte, og at skulen i tillegg har ei eiga ordning der dei kan hjelpe dei av studentane som gjerne ikkje har så god økonomi frå før av.

– Om du vil gå på folkehøgskule, synest eg at det er smart å opprette ein eigen konto der du plasserer pengane du får frå Lånekassen, så har du kontroll på dei. I tillegg kan det vere smart å spare opp litt i forkant, og også inngå ei ordning med foreldra dine, så du har litt å rutta med til ting som dopapir, eller ei pose chips til filmkveld. Det går ikkje så mykje med til slike ting, men det er noko ein bør ta med foreldra sine.

Også inndelinga av såkalla roomies, er noko Sunniva ønsker å trekke fram i samtalen. Ho fortel at ei av dei tilsette ved skulen gjennomgår søknadene for å finne ut kven som kan vere potensielt vellykka matchar. Sjølv er ho særs nøgd med den roomien ho fekk tildelt, som ho fortel at også heiter Sunniva.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

– Det er også noko du bør tenke over før du søker, om du ønsker å bu på rom med nokon andre eller ei. Her på skulen har dei heilt nydelege einerom, om eg ikkje hadde vorte så glad i mi eiga roomie, hadde eg nesten måtte revurdert om eg hadde ønskt eit eige rom. Så dei har moglegheiter for dei som ikkje ønsker å bu med andre også, sjølv om dei romma kostar littegranne ekstra.

Det trengst ein meir tilgjengeleg helseteneste i skulen

Det einaste Sunniva trekk fram som litt negativt, er at fråværsgrensa har smoge seg inn i folkehøgskulane også, og at dei har laurdagsundervisning. Likevel påpeikar ho at inntrykket ho har av skulen er positivt.

– Eg anbefaler andre å gripe moglegheita og ta seg eit litt annleis friår.


Artikkeltags