Supergutta i «The main Level» med ny superhit

MUSIKKVIDEO: Gutane spelte inn musikkvideo til hitten «Bombadilla» i Spania i fjor vår.

MUSIKKVIDEO: Gutane spelte inn musikkvideo til hitten «Bombadilla» i Spania i fjor vår. Foto:

The Main Level - eit uberkult boyband frå Bergen - er på veg til å ta over bandscena i verda. Bandet består av ynglingane Alex Instøy (23), Sander Helmers-Olsen (21) og det ferskaste tilskottet deira Eric Tryland (19).

DEL

Tidlegare bestod bandet av dei to førstnevnte og Laurent Kelmendi. Då han valde å trekkja seg frå gruppa, var det ikkje noko særleg tvil om kven som skulle ta over storsjarmøren sin plass. Eric Tryland fungerte frå tidleg av som studiomusikaren til bandet, men er no eit fullverdig medlem av gruppa.

For fire år sidan slo dei gjennom med singelen “Blackout”, og har sidan levert knusebra låtar som «My Girl» og «Bombadilla». Sistnemnde vart i fjor sommar ein folkekjær song - med sine meir ein svimlande 6 millionar streams på Spotify - som utan tvil stod for sommervibber på høgaste hylle. På fredag førre veke slapp dei den nyaste singelen sin «Rude Love» som garantert vil susa til topps på listene.

Vi i Nh-ung tok ein prat med gutane på morgonkvisten fredag, og gratulerte med ein råkul singel. Dei fortalde oss om dei beste rideturane dei har hatt og eit tørt kjærleiksliv.

– Kva var den første tanken som slo dykk i dag tidleg?

– Eg hadde Alex på besøk, så vi låg i ein dobbeltseng. Det aller første eg tenkte var sånn «oi, korleis skjedde dette?», ein kan jo byrja å lura. Etter det fekk eg litt panikk over at vi hadde forsove oss. Vi tok eit fly til Oslo halv fem, så då slo panikken inn då vi vakna midt på natta, fortel Eric.

Dei andre gutane ler av faktumet at Alex og Eric delte seng, men seier seg samd i den panikkangsten over å ha forsove seg som dei kjenner seg igjen i ofte.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Kva for tre songer er soundtracket til dagen dykkar i dag?

– Favorittsongen min er den nye til Macklemore, «These Days». Vi høyrde på den i bilen, og han gav meg så ufatteleg med sommervibber, det var vilt, fortel Eric.

– Den er råkul, men eg må seia «Gods Plan» av Drake, den er så feit den, seier Sander.

– Eg er veldig glad i den nye til Dua Lipa; «I don´t give a fuck», mest fordi han er kul, men òg fordi eg ikkje gjev faen, s Alex.


– Kva er dykkar «guilty pleasure»?

– Då eg gjekk på ungdomsskulen var guilty pleasuren min å sjå på Home and Away, seier Eric.

– Det var min òg! Utbryt ein entusiastisk Sander.

Alex spør om ikkje dei berre kan svara samla på spørsmålet, at guilty pleasuren til bandet er å sjå litt på Home And Away.

– Kva burde alle prøve minst ein gong i livet sitt?

– Alle må hoppa i strikk. Eg gjorde det i sommar. Det var litt skummelt, men for ei kjensle. Det finst faktisk ikkje ord, det var så sinnsykt. Du høyrer eg sit her og slit med å få fram ord. Alle burde prøva det, fortel ungfolen Eric.

– Alle burde prøva å stå på ei scene føre mange tusen menneske, det er eit adrenalin-rush utan like, føyer Alex til. Sander og Eric nikkar seg samd i påstanden.

– Kven er den viktigaste personen i livet dykkar?

– Eg må velja tre, for eg har tre småsøsken, seier Alex.

Men då bryt du regelen, seier Sander. - Eg får vel gå får bror min då, held han fram.

Eric vil peika ut faren sin som den viktigaste.

– Det er rart å svara på eit sånt spørsmål, for ein kan liksom ikkje velja nokon vekk eller fram i familien, så det vert heile familien som ein, avsluttar Sander.

Følg Nh Ung:

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/ung

– Kva er det næraste til ekte magi for dykk?

– Musikk, seier alle i kor.

– Kva for ting i livet er fortsatt et mysterium for dykk?

– At Eric ikkje har dame. Det er eit ganske stort mysterium. Sjå på fyren. Kvifor har ikkje han dame, seier Sander.

Alex og Eric ler, og Eric konkluderer med at bandet sitt største mysterium er at han enno er singel.

– Kva er dykkar beste minne frå då dykk var små?

– Første gong eg var i eit varmt land var eg sju år gammal. Vi var i egypt, og eg rei på ein kamel. Det er mitt beste og mest eksotiske minne, ler Eric.

– Eg rei på ein sau då eg var elleve, seier Alex. Gutane ler over det han seier, og Sander spør om ikkje han òg må fortelja om ein gong han har ride eit dyr.

– Eg får vel fortelja om den første og siste gongen eg rei på ein hest. Det var ikkje så jævla gøy fordi eg fall av ho, men eit tidig minne er det likevel, seier Sander.

– Kva for artistar har vore med på å forme dykk som band?

– No i seinare tid er det typ Coldplay og The Script, så vi kan vel seia det.

– Korleis endte de opp med å lage den musikke de lagar no?

– Det går veldig i eitt med musikksmaken vår. Veldig blanda. Musikken og musikksmaken vår utviklar seg heile tida, så det er naturleg at det vi lagar no ikkje nødvendigvis er det same som om eit år. Uansett så synst eg at det er viktig at ein er nøgd med det ein har gjort i livet, sjølv om det var på eit anna tidspunkt. Det var jo det du ville gjera då, seier Sander.

– Kva må dykk alltid ha backstage?

– Smash! Smash er så viktig. Det er òg gøy når vi får ein fotball backstage, men det kan òg virka forstyrrande. Det er jo ein leke ein får inn så då forsvinn alt fokuset. Vi vert veldig lett riven med, men det er jo viktig å ha det gøy, avsluttar dei.

Planen deira vidare er så mangt. Superplanen deira for i år er å sleppa masse nye låtar. Dei fortel oss at dei har mange låtar som er ferdige som dei berre ventar på å kunna visa til fansen sin.

Artikkeltags