Kjent fjes: Fanny Andersen har fobi for sure føter

Vekas kjente fjes er oslojenta Fanny Andersen (22). I fjor vår spelte den tidlegare bloggaren og spirande popartisten sitt første show nokon sinne, og blåste publikum av bana.

DEL

Not A Toy – som er seriøst fengande – vert hylla som ei anti-fuckboy-hymne, og åtvarar potensielle partnarar om at ho ikkje let seg pille på nesa. Ho har i fjor sommar vore å sjå på VG-lista i både Bergen og Oslo, og har også vore med som deltakar i P3 si YouTube-serie «Så du trur du kan bade». Men før popartisten fekk meir enn hundre tusen avspelingar i månaden, jobba ho i klesbutikk, og hadde fått nei atter nei frå plateselskapa.

Det var like før ho gav opp songkarrieren, men så tok ho eit tak sjølv, og gav ut singelen «Kids» i november i 2016, som i skrivande stund har meir enn to og ein halv million avspelingar på strøymetenesta Spotify, deretter gjekk det strake vegen opp.

Vi i NH-ung tok ein prat med Fanny om blant anna korleis ho taklar sure føter etter konsertar.

– Kva var den første tanken som slo deg i dag tidleg?

– Først var det vel at eg har den mest irriterande alarmen nokon sinne, og at eg burde bytte lyd fordi eg vaknar sinna. Haha! Så tenka eg også at bagen min til Bergen var alt for tung, men at eg ikkje rakk å pakke om.

– Kva for tre songar er soundtracket til dagen din i dag?

– «Mistakes» av Tove Styrke, «Troen på» av Hester V75, og «Nye joggesko» av Gabrielle. Ingen er eigentleg relevant til korleis eg føler meg, berre at dette er dei låtane eg definitivt høyrer mest på i dag! Men eg har på meg nye joggesko då.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Kva er din «guilty pleasure»?

– Reeses buttercups som eg trudde hadde forsvunne frå livet mitt, for dei slutta å selje dei på Deli, MEN SÅ FANT EG DEI PÅ CIRCLE K! Det er det beste som finst.

– Kva ting i livet er framleis eit mysterium for deg?

– KJÆRLEIK :((

– Kva er ditt beste minne frå då du var lita?

– Då eg fekk ein rosa kjole frå ein iransk butikk på Grønland, som var det finaste eg nokon sinne hadde sett! Så tok eg den på meg kvar kveld før eg låg meg, og dansa magedans med mor mi.

– Kva for nokre artistar har vore med å forme deg sjølv som artist?

– Det er kanskje ikkje artistar spesifikt, meir musikk og sjangrar som har inspirert meg mest. Men eg så veldig opp til Adele, og sjølv om musikken min ikkje er lik hennar, så har ho vel inspirert meg veldig.

– Korleis enda du opp med å lage den musikken du lagar no?

– Det anar eg ikkje! Det er vel berre at eg skriv og lagar det som er naturleg for meg.

– Kva må du alltid ha backstage?

– Reeses buttercups, vatn og sokkar til bandet, fordi føtene deira stinkar etter at dei har vore på scena :)

– Kva burde alle prøve minst éin gang i livet sitt?

– Hoppe frå 10-meteren på Frogner badet (treng ikkje akkurat å vera Frogner badet, men ein stad der dei har så høgt stupebrett). Har ikkje turt det sjølv enno fordi eg har høgdeskrekk, men eg trur det hadde vore life changing.

– Kven er den viktigaste personen i livet ditt?

– Mamma, pappa, og bror min. Kan ikkje velje mellom dei, alle er like viktige!

– Kva er det næraste til ekte magi for deg?

– Kanskje å skriva musikk? Det er heilt sjukt at man kjem i studio utan noko, og nokre timar seinare har man ein heil låt som på ein måte berre er din, og det er du sjølv som har skapt det.

Artikkeltags