Teolina (16) elskar å utfordre gutane, og kjensla av adrenalin-rushet som går gjennom kroppen

RØFF: Sidan sjuande klasse har ho vore godt plassert bak rattet på sykkelen. Med fetteren og søstera som motivasjonskjelde til å byrja med motocross, er Teolina no godt vant til den røffe livsstilen i bakkane. ALLE FOTO: Silje Vassdal

RØFF: Sidan sjuande klasse har ho vore godt plassert bak rattet på sykkelen. Med fetteren og søstera som motivasjonskjelde til å byrja med motocross, er Teolina no godt vant til den røffe livsstilen i bakkane. ALLE FOTO: Silje Vassdal

Artikkelen er over 2 år gammel

Ho køyrer ikkje for å bli best, men for adrenalin-rushet som går gjennom kroppen hennar.

DEL

Teolina Kalnes Skjervheim er seksten år gammal, og er for tida aktuell i motorsport klubben på Meland og på tip-linja ved Knarvik vidaregåande skule. På to hjul er ho i sitt ess, med høge hopp på bana. Medan venninnene heldt på med andre daglegdagse ting som fotball, riding og liknande, er Teolina to gonger i veka både opp og ned i bakkane på Rossland. Ho fortel at forutan å vera ei knalltøff jente i feltet, er ho ei heilt vanleg tenåringsjente.

– Eg får ein meistringskjensle når eg sit på sykkelen min og får til nye ting, det er ein utruleg kjekk hobby, seier Teolina.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Dyr i drift

Det er ein triveleg, men til dels dyr hobby. Når ein først har kome inn i sporten er det ikkje så dyrt, men når ein byrjar kan det fort gå ein del pengar. Ein må nemleg ha godkjent sykkel og utstyr, samt åtte timar teori og åtte timar køyreteknikk, før ein kan få køyra på bana.

– Min fyrste sykkel, den fekk eg i mai 2013, og den kosta opp i mot 50000 kroner, medrekna utstyr, men utstyr er ikkje like dyrt som sjølve sykkelen, som faktisk må bytast ut dersom den vert øydelagd, eller om vi rett og slett veks frå den, seier Teolina.

MYKJE UTSTYR: Noko av utstyret som må godkjennast er hjelm, kne- og olboge-vernarar, sko og brynje, som er ein skjerm ein har på brystet og ryggen.

MYKJE UTSTYR: Noko av utstyret som må godkjennast er hjelm, kne- og olboge-vernarar, sko og brynje, som er ein skjerm ein har på brystet og ryggen.

Noko av utstyret som må godkjennast er hjelm, kne- og olboge-vernarar, sko, og brynje, som er ein skjerm ein har på brystet og ryggen. Noko som ikkje er påkravd er nakkekrage, men den kan vera lur å bruka slik at dersom ein fell, vil det ikkje bli fatalt.

– Vi har hatt eit par skadar opp gjennom åra, spesielt blant dei som konkurrerer, men ikkje noko alvorleg, type arm- og beinbrot, samt eit par ribbeinsbrot, fortel ho.

Det er ein del konkurransar innan sporten, men sjølv har ho ikkje vore med på nokon endå. Nokre konkurransar som ho kunne tenke seg å delta i er vestlandsmeisterskapet, også eit par forskjellige cupar rundt om i regionen. Ein annan type konkurranse er ein som heiter freestyle.

– No triksar ikkje eg noko spesielt mykje, og eg trur ikkje at nokon andre her gjer det heller, me er meir fokusert på å få inn køyreteknikk, få opp farten og øve på å svinga. Skal ein bli god på køyringa er det viktig å jobbe med styrke, stamina og balanse. Ein må også vera mentalt til stades, og ha ein fryktlaus sjel, påpeiker Teolina.

Bana er full av hinder som svingar, hopp og fartshumpar, noko som gjer det vanskeleg å halde høg fart til alle tider. Nokre av hoppa kan vera opptil førti meter, men på bana på Rossland, heldt dei seg til det litt mindre.

– Den bana der nede heldt me på å bygga no, for den me køyrer på for augneblinken er grådig lita, seier ho og peiker ned mot fersk grus som er plassert i haugar, klare for å bli nye hopp og hindre for jenter som Teolina.

Ei av få jenter

Ho syntest at det er veldig kjekt å vera ei av få jenter i sin klubb, og meiner at det vert tiltrekt meir merksemd mot jenter enn mot gutane. Det er nokre få andre jenter utanom Teolina på Rossland, men dei er stort sett mykje yngre enn ho. Men det går heilt fint for Teolina. Ho tykker det er morosamt å sjå korleis gutane konkurrerer mot kvarandre og ikkje alltid får med seg når jentene blir betre.

– Men når eg klarar noko nytt og blir betre, då får gutane ei slags openberring om at eg faktisk er god, og så presser dei meg meir til å bli endå betre, slik at eg fokuserer meir. Det er eit veldig godt og inkluderande miljø her ute, dersom ein treng hjelp med utstyr, eller gjer noko feil eller riktig på bana, er det alltid nokon som er på sidelinja og hjelper og heiar på ein, seier ho og smiler.

Kvar onsdag og laurdag møter dei nærare hundre medlemmane i Meland motorsport klubb for å trena og heie på sine unge lovande. Dei er ein del aktive køyrarar, og dei aller fleste stiller opp på alle treningane, sjølv om det ikkje er obligatorisk. Dei aller fleste køyrer for gøy, slik som Teolina.

Gir energi

– Eg tykker at det er veldig gøy og energigjevande, og vi kan stille opp etter kvar enkelt si prioritering og kva tid som måtte passe, det tykker eg er veldig greitt.

– Eg skulle bli best, fortel ho at ho tenkte då.

Men etter kvart som tida gjekk, var det skule og venar som vann fokuset. Teolina fortel at det er viktig for ho å få ein god utdanning, slik at ho kan få til det ho vil vidare i livet, så kan ho halde på med motocross på sida. For augneblinken er ikkje målet å bli best, men å ha det kjekkast mogleg.

Sjølv om Teolina ikkje har planar om å bli verdsmeister i motocross, gir det ho ei kjensle som gjer at ho ikkje har tenkt å gje seg med hobbyen med det første.

Motocross

Motocross er ein motorsport med terreng-motorsykkel som køyrast på eigne banar. Underlaget på bana er gjerne jord eller sand og grus.

Artikkeltags