Kor lenge skal du gidde å skamme deg fordi du takkar ja til posen?

Guste Geciate er journalist i ungdomsredaksjonen Nh Ung, som i haust har tatt inititiativ til å kutte kraftig ned på plastposebruken.

Guste Geciate er journalist i ungdomsredaksjonen Nh Ung, som i haust har tatt inititiativ til å kutte kraftig ned på plastposebruken.

Ta utfordringa og dropp plastposen med Nh Ung ein gong for alle. Det er bra både for miljøet, og for sjølvkjensla di.

DEL

Nh UngDet å ikkje bruke plastposar er enkelt. Det einaste du treng å gjere er å ikkje bruke dei. Ikkje heilt overbevist om at du er interessert i denne aksjonen? «Too bad», for vi skal overbevise deg om at det er verdt det!

Eg veit at når det kjem til utfordringar eller endringar som andre folk foreslår, så tenkjer eg fort at det ikkje angår meg. Det er noko inni meg som gjer at viss nokon skal seie kva eg skal gjere så gjer eg som regel det motsatte eller berre ignorerer det. Men nokre gongar er det viktig å ha eit ope sinn og tenke seg litt om. Særleg når det gjeld ting som ikkje berre angår deg sjølv.

Det er vi menneske, og ingen andre, som avgjer korleis det skal gå med kloden vår framover. Og sjølv om vi skal bli gamle og døy, kjem det folk etter oss.

Plast er noko som spelar ei kjempestor rolle på den store, men samtidig vesle jorda som vi lever på. Vi i Nh Ung er klare over dette og har derfor dratt i gang plastaksjonen. Vi har sett i gang denne fordi vi set pris på dyra og menneska vi lever saman med.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Vi skal gidde å gjere dei små tinga som til saman utgjer ein stor forskjell. Vi er klare over at det å droppe plasposen på butikken ikkje er nok, men det er ein begynnelse. Og når ein får dreisen på dette, trur vi at ein også blir meir bevisst rundt val ein gjer elles i kvardagen. Difor vil vi starte med ei slik enkel endring, og vi treng deg med på laget for å gjere ein forskjell.


Og gjer du denne endringa, vil det ikkje berre ha innverknad på miljøet. Vi er ganske sikre på at det også gjer noko med korleis ein kjenner seg som person.

Berre forestill deg at du er i butikken og er klar for å betale for varene dine. Personen i kassen spør deg om du vil ha ein plastpose. Du takkar nei, kanskje til og med med ein lur kommentar om at du er opptatt av miljøet. Ikkje berre får du ei fantastisk kjensle av å bidra, men du framstår også som smart og reflektert. Mens du legg varene dine i ein tøypose, kan du smile for deg sjølv og tenke på at du er ein miljøbevisst person som er med på å gjere ein liten forskjell.

La oss sjå føre oss motsett scenario også. Du kjem til kassen og takkar ja til plastpose. Du veit at det ikkje er bra, skammar deg gjerne litt og kjem gjerne med ei dårleg unnskuldning for kvifor du må ha plastpose. Likevel gjer du det igjen og igjen. Kvar gong når du legg varene i ein ny plastpose skammar du deg litt, men du gjer likevel ikkje noko med det. Du kjenner deg ikkje spesielt kul.

Vi i ungdomsredaksjonen trur at det å droppe plastposen vil få ein dominoeffekt: Til slutt vil plastposen du får på butikken vere historie og alle vil sjå på det som sjølvsagt å ikkje bruke slikt. Blir du med oss no, kan du vere ein av dei som var tidleg ute og kutta den ut allereie i 2017.

Like greitt å ta litt ansvar no, eller?

Livet skjer sjølvsagt ikkje alltid etter planen. Viss du ein gong takkar ja til plastposen, er det fortsatt ikkje for seint å å takke nei alle andre gongar. Berre gjer ditt beste!



Artikkeltags