Ulrikke (18) og fem andre nordhordlendingar om deira forhold til plast

Deler sine tankar: Ulrikke Hugaas (18) er engasjert i miljøet, og fortel om det aukande plast-problemet i miljøet. I tillegg har vi tatt ein rask prat med fem på Kiwi-butikken i Alversund om deira forhold til plast og miljø.

Deler sine tankar: Ulrikke Hugaas (18) er engasjert i miljøet, og fortel om det aukande plast-problemet i miljøet. I tillegg har vi tatt ein rask prat med fem på Kiwi-butikken i Alversund om deira forhold til plast og miljø. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Plastsøppelet vil ende opp på ditt middagsbord, åtvarar Ulrikke Hugaas. Les kva ho og fem andre nordhordlendingar tenker om plast og miljø.

DEL

NH UNG:Nh Ung møtte Ulrikke Hugaas (18) frå Leknes på Knarvik kai, ein passande stad med tanke på kor store skadar plast gjer i havet. Ulrikke har vore opptatt av plast i naturen sidan ho var rundt 16 år gammal.

– Eg blei opptatt av miljø då eg skjønte kor mange som ikkje visste om dette store problemet, seier ho.

Søppel på middagsbordet

Ulrikke fortel at mikroplasten er den farlegaste av alle former som plast finst i.

– Plast bruker enormt lang tid før den blir broten heilt ned, forklarar Ulrikke alvorleg.

Mikroplast er plast som er mindre enn tre millimeter i diameter. Plankton som ligg heilt i byrjinga av næringskjeda forvekslar desse bitane med mat, og et dei. Plankton blir vidare ete av fiskane, som menneske fangar og et sjølve.

– Plastsøppelet vil ende opp på ditt middagsbord, seier Ulrikke til dei som ikkje bryr seg om plast-problemet.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Press på politikarane

Då Ulrikke blir spurt om ho synest vi er flinke til å ikkje bruke for mykje plast her i området, svarer ho reflektert:

– Ein kan ikkje snakke om flink eller ikkje flink, om ein ikkje har andre alternativ enn å bruke plast. Vi burde legge meir press på politikarane i kommunen og i heile landet, som kan forhindre det store plastforbruket. Vi må gjere det no, helst i går.

Ho fortel også at andre land som Tyskland klarer å bruke mindre og mindre plast, ved å ha plastfrie supermarknadar, som også fleire og fleire butikkar i ulike land byrjar å vurdere å innføre.

Kort om plast

  • Plast er eit organisk stoff, som tyder at det inneheld karbon. Stoffet blir laga av til dømes råolje, kol eller naturgass.
  • Plast kan vere ulik og ha forskjellige eigenskapar. Stoffet er blitt populært fordi det ikkje krevjer store pengesummar å lage. Derfor er det enkelt for oss å lage enormt mykje plast som er nyttig for oss menneske å bruke.
  • Det vi må bli mykje betre på er å resirkulere plasten, fordi mesteparten av plasten i verda blir kasta som restavfall eller berre hamnar i naturen.

Det verste med plast

På spørsmål om kva som er det verste med plast, må ho tenke seg litt om før ho svarar.

– Det finst så mange dårlege ting ved plast. Lang nedbrytingstid er ein, og det at overflata på plasten trekker til seg miljøgifter, slik at dei festar seg på den, er ein annan.

Ulrikke fortel at plast i seg sjølv mest truleg ikkje har nokon direkte verknad på oss, men når den blir slept ut i naturen, då skjer alt det grufulle.

– Vi er i dag utsette for mykje meir miljøgifter enn før, og det kan ha ein verknad på oss sjølve, direkte. Fruktbarheita går ned og allergiar blir meir og meir vanlege. Det finst sjølvsagt fleire grunnar for nettopp dette, men plasten si rolle er ganske sentral.

Korleis redde verda?

– Det er veldig flott at ein ryddar strender for plast. Men då fjernar ein berre symptoma, men tar ikkje tak i kjelda, seier Ulrikke.

Med det meiner ho at vi må bli flinkare til å ikkje la plast komme ut i naturen, slik som den gjer no. Ho har sjølvsagt eit forslag.

– Eg synest det hadde vore best å fjerne plastposane frå butikkane, smiler ho. Når folk ikkje lenger har moglegheit til å få plastpose, og må bere ei og ei vare til bilen, hugsar dei nok endeleg å ta med seg ein tøypose.

Eit anna tiltak ho meiner er naudsynt for å redde verda, er å lage lover som går på tvers av landegrensene.

– Så må vi finne noko som kan erstatte plast, i alle fall litt. Slik at folk kan ha sjansen til å velja å leva plastfrie liv.

5 PÅ BUTIKKEN PÅ KIWI I ALVERSUND

Astrid Hao Rønhovde (16), Alversund

Plar du å ta plastpose frå butikken for å legge varene dine i?

– Ja.

Kva er dine tankar om det aukande plast-problemet i miljøet?

– Det er ikkje bra, spesielt dårleg for dyra i havet.

Føler du deg opplyst nok om dette?

– Nei, eigentleg ikkje.

Vibeke Heldal (48), Alversund

Plar du å ta plastpose frå butikken for å legge varene dine i?

– Nei, eg tar med meg tøypose heimanfrå.

Kva er dine tankar om det aukande plast-problemet i miljøet?

– Det er urovekkande, ikkje noko kjekt å tenke på.

Føler du deg opplyst nok om dette?

– Skulle visst meir, men veit ein del.

Albert Sudmann (24), Hjelmås

Plar du å ta plastpose frå butikken for å legge varene dine i?

– Ja.

Kva er dine tankar om det aukande plast-problemet i miljøet?

– Det er ikkje bra.

Føler du deg opplyst nok om dette?

– Ja.

Alexander Bakken (17), Alversund

Plar du å ta plastpose frå butikken for å legge varene dine i?

– Av og til, men oftast har eg ein sekk på ryggen.

Kva er dine tankar om det aukande plast-problemet i miljøet?

– Det er ganske dumt, fordi det er dårleg for naturen. Viss eg kastar noko ut i naturen så er det ein bananskal som rotnar fort.

Føler du deg opplyst nok om dette?

– Både og, men det kjem til dømes ikkje ofte nok opp i media. Eg synest også at butikkane burde reklamert meir rundt å ta vare på miljøet.

Celina Remme (12), Austrheim

Plar du å ta plastpose frå butikken for å legge varene dine i?

– Handlar ikkje så ofte, men viss eg gjer det så tar eg med ein sekk.

Kva er dine tankar om det aukande plast-problemet i miljøet?

– Det er dumt, og spesielt dumt at folk kastar boss i naturen.

Føler du deg opplyst nok om dette?

– Hm, dyr kan jo ete det og bli sjuke. Så, ja?

Artikkeltags