Lisbeth går i fleire gravferder i veka. Likevel elskar ho jobben sin

Då Lisbeth Morken var på intervju til jobben som gravferdskonsulent, sa ho «de treng ikkje å intervjue fleire, for eg har så lyst å vere gravferdskonsulent!». Det har ho ikkje angra på.

Då Lisbeth Morken var på intervju til jobben som gravferdskonsulent, sa ho «de treng ikkje å intervjue fleire, for eg har så lyst å vere gravferdskonsulent!». Det har ho ikkje angra på. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I løpet av ei arbeidsveke går Lisbeth Morken i fleire gravferder, steller avdøde og hjelper dei pårørande. Sjølv om jobben er vanskeleg å legge frå seg, særleg når unge menneske døyr, meiner Morken at ho har draumejobben.

DEL

– Det at pårørande lar meg stelle deira døde mor, eller nokon andre som dei hadde eit spesielt nært band med, får meg til å kjenne meg privilegert, seier Lisbeth Morken (35) frå Austrheim.

Ho jobbar nemleg som ein gravferdskonsulent hos Vatne Begravelsesbyrå As – ein jobb som inneber alt frå å stelle døde til å delta i sjølve gravferda.

Verdigheit og respekt

Det å stelle dei avdøde er det kanskje ikkje alle som hadde likt. Mange hadde kanskje synest at det var ekkelt eller til og med skummelt. Det synest ikkje Lisbeth. Ho legg spesielt stor vekt på at ho føler at ho må gjere denne oppgåva på ein mest mogleg ordentleg måte og med mykje respekt.

Ikkje alle døde kjem til ho i same tilstand. Dei som døyr på sjukehuset er gjerne i ein fin stand, mens andre døyr på stadar der ho møter både syns- og luktinntrykk som ikkje er spesielt gode.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Dagane som gravferdskonsulent er varierte på fleire måtar. Det finst ikkje éin «typisk dag», men det finst tre typar dagar som går att. Ein dag går ut på å hente den avdøde og stelle denne. Ein annan dag blir brukt til planlegging av gravferda saman med pårørande og å lage dødsannonsar og programhefte, og ein tredje dag går ut på å delta i sjølve gravferda og å hente den avdøde.

– Eg har ikkje teljinga på kor mange gravferder eg har vore i, fordi det har vore enormt mange. Eg er med på rundt to til fire i veka.

Saka held fram under bildet.

Lisbeth visar fram eit spesialrom, der pårørande vel ut kiste til den avdøyde.

Lisbeth visar fram eit spesialrom, der pårørande vel ut kiste til den avdøyde. Foto:

Tar jobben med heim

Jobben Lisbeth gjer er ein jobb ein lett kan førestille seg at kan vere tøff. Det seier ho seg einig i, særleg fordi ho på ein måte alltid er på jobb.

– Eg tenker ofte på jobben min, sjølv om eg er heime. Det kan vere vanskeleg å legge frå seg når til dømes ein ung person har døydd for tidleg.

Det blir også mange tårer på jobben, og det at ho har teieplikt og ikkje kan snakke om det kan gjere kjenslene endå tyngre.

I tillegg har ho sjølvsagt lyst til å gjere jobben sin så godt som mogleg. Difor kan også tankar der ho tvilar på om ho alt er gjort riktig komme.

– Har eg gløymt å bestille eit eller anna, er eit spørsmål som dukkar opp ofte, fortel ho.

Det verste som kan skje er at det er feil namn på sløyfebanda, eller at noko er feil i dødsannonsen. Slike ting har nemleg dessverre skjedd, noko som har gjort ho kvalm. Når det gjeld ei gravferd har ein jo berre ein sjanse. Blir det ikkje rett, får ein aldri retta det opp.

Trass i at jobben byr på ein del tøffe utfordringar, er Lisbeth etter sju år i yrket framleis heilt klar på at dette er draumejobben for henne. At jobben har så mykje meining i seg, er det som gjer at ho trivst så godt med den.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Landa draumejobben

Ho hugsar veldig godt korleis ho fekk stillinga.

– Eg såg at gravferdsbyrået leita etter ein ny som kunne jobbe der, så eg søkte. Vidare blei eg innkalla på eit intervju, og der sa eg at «de treng ikkje å intervjue fleire, for eg har så lyst å vere gravferdskonsulent!» Så fekk eg den jobben og heilt til denne dag er eg veldig fornøgd, fortel 35-åringen opent.

Artikkeltags