Fem på gata: Les ungdom bøker, og kva les dei i så fall? Nh Ung har tatt ein sjekk

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det finst mange meiningar rundt lesing og bøker generelt. Nokre synest det er heilt forferdeleg berre å ta opp ei bok, mens andre ser ikkje noko betre avslapping enn å gå inn i ei anna verd for å sleppe si eiga.

DEL

5 på gata-undersøking: Slik er det og blant ungdommar. Kva er populært å lese?

Ifølge Thomas Brevik, bibliotekar på Lindås bibliotek, er desse dei mest lånte bøkene frå Lindås bibliotek: «Harry Potter og de vises stein», «Odinsbarn» av Siri Pettersen og «I morgon er alt mørkt» av Sigbjørn Mostue.

LES OGSÅ: Har laga nyvinning som reduserer skorsteinsutslepp

Vi har tatt ein liten tur innom Knarvik Senter for å spørje nokre tilfeldige ungdommar om  deira forhold til bøker og kva dei hadde skrive ei bok om sjølv.

Rebekka Vabø

Rebekka Vabø Foto:

Rebekka Vabø (16), Hundvin

– Kor ofte les du?
– Kvar dag.

– Kvar får du tak i bøkene du les?
– Kjøper på Norli og andre butikkar.

– Kva er di «all time favorite book»?
– «Harry Potter»-serien, mest fordi eg har vakse opp med å lese bøkene og sjå filmane.

– Om du måtte skrive ei bok, kva hadde den handla om?
– Kjærleik, fordi at eg likar best å lese kjærleikshistorier.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

LES OGSÅ: Då Michael (17) fann dette i busskuret, blei han sjokkert

Leander Natås

Leander Natås Foto:

Leander Natås (17), Hjelmås

– Kor ofte les du?
– Aldri.

–  Kvar får du tak i bøkene du les?
– På skulen når eg les skulebøker.

–  Kva er di «all time favorite book»?
– «Hobbiten», fordi eg måtte lese den i eit skuleprosjekt. Eg likte filmen også.

– Om du måtte skrive ei bok, kva hadde den handla om?
– Teknologi i framtida, kanskje om flygande bilar.

LES OGSÅ: Færre elevar søker seg hit

Kristine Hevrøy

Kristine Hevrøy Foto:

Kristine Hevrøy (15), Alversund

– Kor ofte les du?
– Kvar dag viss eg har bok.

– Kvar får du tak i bøkene du les?
– Lånar mest frå venner og biblioteket i Knarvik.

– Kva er di «all time favorite book»?
– «Løvetemmeren» av Camilla Lackberg, fordi den er veldig detaljert og ei bok eg aldri hadde klart å skrive sjølv.

– Om du måtte skrive ei bok, kva hadde den handla om?
– Hadde vore basert på ei sann historie om eit mord.

LES OGSÅ: Fekk nytt basseng - så glad blei rektoren!

Emilie Maria Eikeland

Emilie Maria Eikeland Foto:

Emilie Maria Eikeland (16), Meland

– Kor ofte les du?
– Ca. ei bok kvar anna månad, men meir om sommaren.

– Kvar får du tak i bøkene du les?
– Kjøper i bokbutikkar. Kan godt gå og sjå på bøker i ein halv time på til dømes Libris.

– Kva er di «all time favorite book»?
– «Faen ta skjebnen» av John Green, fordi den er skriven på ein veldig god måte, og ein får fleire kjensler når ein les den.

– Om du måtte skrive ei bok, kva hadde den handla om?
– Ungdom som blir misforstått i samfunnet som byr på for mange utfordringar og setter altfor stor pris på utsjåande og det å vere perfekt.

LES OGSÅ: Sander (8) las 180 bøker på berre tre månader

Daniel Bilsback

Daniel Bilsback Foto:

Daniel Bilsback (18), Alversund

– Kor ofte les du?
– Bøker? Svært sjeldan. Nettavis som VG – ofte.

– Kvar får du tak i bøkene du les?
– På bibliotek og i bokbutikkar.

– Kva er di «all time favorite book»?
– «Jeg er Zlatan» av Zlatan Ibrahimovic.

– Om du måtte skrive ei bok, kva hadde den handla om?
– Sjølvbiografi.

– Korleis er livet ditt annleis, kva hadde du skrive om det?
– Veit ikkje, det er eigentleg ikkje så spesielt...

Artikkeltags