Alle ordførarane droppar plastposar ut året. Men nokre ting trur dei blir ekstra utfordrande

Oppe f.v.: Gulen-ordførar Hallvard Oppedal, Meland-ordførar Øyvind Oddekalv, Masfjorden-ordførar Karstein Totland, Austrheim-ordførar Per Lerøy. Nede f.v.:Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, Fedje-ordførar Stian Herøy og Radøy-ordførar Jon Askeland har alle saman tatt utfordringa frå Nh Ung.

Oppe f.v.: Gulen-ordførar Hallvard Oppedal, Meland-ordførar Øyvind Oddekalv, Masfjorden-ordførar Karstein Totland, Austrheim-ordførar Per Lerøy. Nede f.v.:Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, Fedje-ordførar Stian Herøy og Radøy-ordførar Jon Askeland har alle saman tatt utfordringa frå Nh Ung. Foto:

Sjå kven ordførarane sender utfordringa vidare til.

DEL

Nyleg sette ungdomsredaksjonen Nh Ung i gang ei utfordring: Å droppe plastposar ut året. I samband med aksjonen har ungdommane utfordra alle ordførarane i Nordhordland og Gulen til å ta utfordringa. Til ungdomsredaksjonen si store glede har alle av ordførarane tatt utfordringa – sjølv om dei trur det kan by på fleire utfordringar.

Lindås-ordføraren: Har lett for å gløyme handlenettet

– Takk for den viktige oppmodinga. Eg vil hive me på droppe plastposen-aksjonen og gjere det eg kan for å klare nettopp det, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, og legg til at det er viktig å auke engasjementet på korleis vi bruker plast i kvardagen.

– Eg vil delta for å bli meir bevisst på min eigen plastpose-bruk. Det er så lett å berre ty til ein pose i ny og ne, og no kan eg prøve å ha eit ekstra blikk på dette, for miljøet si skuld og ved å ver med i dugnaden.

Byrknes røper at det ho synest vil bli den største utfordringa er å hugse på å ta med handlenett og vesker når ho skal ut på shopping eller handle inn matvarer.

– Eg har lett for å gløyme akkurat det, så no får me sjå korleis dette går. Eg skal gjere alt eg kan for å lukkast, seier Byrknes.

– Kven vil du sende utfordringa vidare til?

– Eg sender den vidare til min gode varaordførar Nina Bognøy.

Meland-ordføraren: Utfordrande med julehandelen

 

Også Meland-ordførar Øyvind Oddekalv tar utfordringa på strak arm, og understrekar at han synest aksjonen er eit flott initiativ.

– Plastproblemet er stort og treng å settast fokus på, seier Oddekalv og peikar på at det var imponerande å sjå det engasjementet som folk, lag og organisasjonar hadde under dei ulike ryddeaksjonane i vår og sommar.

– Det er viktig å legge til rette for at dette engasjementet held fram. Her har vi politikarar ei viktig oppgåve, og kan bidra, held han fram.

Oddekalv meiner det er viktig at kvar og ein gjer dei rette vala i kvardagen, og at plastaksjonen derfor er eit viktig initiativ.

– Kva trur du blir det mest utfordrande med å droppe plastposar ut året?

– Eg har alltid handlenett liggande i bilen, men hugsar ikkje alltid å ta dei med inn i butikken ... Elles blir det gjerne litt ekstra handling før jul, og det blir ei utfordringa å hugse på å ha med handlenett når ein er i andre butikkar enn daglegvarebutikkar. Her er eg ikkje alltid like flink, innrømmer Meland-ordføraren.

Han sender med dette utfordringa vidare til fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø.

Austrheim-ordføraren: Vanskeleg med tanke på bosset

Austrheim-ordførar Per Lerøy tar utfordringa, men peikar samtidig på at kommunen dei siste åra har hatt ei rekke store aksjonar for å rydde plast i strandsona og at det til saman har blitt samla inn 23,6 tonn boss som er levert til NGIR. Han trekk spesielt fram innsatsen til Neptun Pensjonistklubb, som har sete i førarsetet i desse aksjonane.

– Vi ser at det ikkje er plastposar som representerer den store utfordringa når det gjeld forsøpling av sjøen, men tauverk, garnrestar, flasker, kanner, plastkassar, isopor og så vidare. Mykje av søppelet ber preg av å koma frå fiske- og oppdrettsverksemder, men ein finn også mykje plast som må ha hamna på sjøen frå kaiar og båtar, truleg i samband med uvêr. Eg trur difor ikkje at forsøplinga rundt oss vil endra seg mykje om eg sluttar å bruka plastposar når eg handlar, fortel Lerøy.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Han fortel vidare at dei i familien nyttar plastposane til bossposar og at alle deira handleposar etter bruk garantert hamnar på NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen, anten som plastavfall eller som restavfall.

Likevel vil han støtte opp om eit positivt tiltak, og tar utfordringa.

– Utfordringa blir å hugse på å ta med meg andre posar når eg skal handle, samt legge om sorteringa av eige boss når eg ikkje lengre har plastposane å samle bosset i.

– Kven vil du sende utfordringa vidare til?

– Vi som ordførarar bør sende utfordringa vidare til rådmennene i regionen, seier Lerøy og sender utfordringa vidare til sin eigen.

Gulen-ordføraren: Det vert vanskeleg å klare seg utan plastposen

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal fortel at plastaksjonen er noko han veldig gjerne vil vere med på. Han synest det er lett å sei ja til plastpose og at å slutte med plastpose krev meir planlegging, men at han likevel skal prøve.

– Det er viktig å vere bevisst på å få ned plastbruken. Vi ser etter alle ryddeaksjonen langs strendene kor stort plastproblemet er vorte, men eg vil prøve å vere med å sette fokus på ei svært viktig og nødvendig sak framover. All honnør til dykk for initiativet, seier Oppedal og tar utfordringa.

Radøy-ordføraren: Vi bør sjølvsagt redusera forbruket vårt!

Radøy-ordførar Jon Askeland tar utfordringa på strak arm. Han oppfordrar også butikkane til å ta i eit tak.

– Ja, eg blir med på aksjonen, og vil at vi som kundar oppfordrar butikkane til å bruka papirposar/pakka varer inn i papir i staden for plast. Då får vi ein endå større endring, meiner han.

Askeland meiner det er sjølvsagt at vi som forbrukarar bør endre måten vi handlar på. Det å ty til handlenett, bag og liknande er noko alle burde bruke, og han håper at plast snart blir bytta ut med papir.

– Det slik at når vi er på handel, så må vi som oftast ha noko å beskytta varene i. Då er eigne fleirbruks-handlenett vegen å gå, i tillegg til at vi systematisk byter plast ut med papiremballasje, meiner han.

Fedje-ordføraren: Håpar på ein sterk reduksjon

Fedje-ordførar Stian Herøy tar også utfordringa, og håpar på ein sterk reduksjon i plastforbruket, om alle arbeidar saman.

– Bruk av plast har ein uheldig påverknad på naturen rundt oss. Eg håpar at fokuset på problemstillinga knytt til plast vil kunne bidra til ein bevisstgjering og forhåpentlegvis føra til ein sterk reduksjon i bruken av plast.

På lik linje med dei andre ordførarane, trur han det å hugsa å ta med seg eit alternativ for plastpose kjem til å vera det vanskelege med denne utfordringa. Han ønsker eit initiativ frå dei lokale butikkane.

– Butikkane i nærområdet er viktig å utfordre. Ein auke i prisen på plastposar, samtidig som andre alternative tilbod blir sett inn, kunne vore til stor hjelp.

Masfjorden-ordføraren: Butikkane må også koma med alternativ

 

Masfjorden-ordførar Karstein Totland tar, i likskap med alle dei andre ordførarane, utfordringa, sjølv om han ser for seg at det kjem til å bli vanskeleg.

– Vi må sjølvsagt redusera forbruket vårt, og tenke over kva vi handlar på butikken.

Karstein er einig med Fedje-ordførar Stian, og ønsker også ein innsats frå lokale butikkar.

– Likevel er det slik at når vi er på handel, så må vi ha noko å beskytta varene i. Då er handlenett flott, men eg ønsker å oppfordre butikkar til å byrje å pakke mat inn i papir og bytte ut plastposar med papirposar. Då får vi ei systematisk utbytting av plast, med papir, noko som vi treng.

Artikkeltags