Håpet var å engasjere. Det føler me at me har greidd

Lørda 30.desember har ungdomsredaksjonen tatt over heile papiravisa. Her Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes.

Lørda 30.desember har ungdomsredaksjonen tatt over heile papiravisa. Her Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarDen 7. mars 2017, hadde Nh Ung-redaksjonen sitt første møte. Dette var ein dag fylt med spenning for det kommande året, ei gruppe på ti ungdommar skulle jo trass alt kaste seg ut i noko mange av dei aldri hadde prøvd før. Men, det var jo litt slik som ho Pippi Langstrømpe seier: «Dette har eg aldri prøvd før, så dette greier eg heilt sikkert!»

Å jobbe i Nh Ung-redaksjonen levde opp til alle forventningane. Sjølv om ein ikkje heilt kunne vite kva ein skulle forvente, då dette var noko nytt ikkje mange hadde vore med på, hadde nok alle sine eigne tankar og følelser om korleis det kom til å verte. Å engasjere ungdommar til å lese avisa var noko me alle håpte på, og dette er noko me føler me har greidd.

Ideen om Nh Ung er eit supert initiativ frå avisa. Å jobbe i ei avis har gitt oss i ungdomsredaksjonen moglegheit til å få fram ideeane våre, og gjere det me kan for å skrive ei avis av ungdommen, for ungdommen. Ideeane kjem me opp meg sjølve, og med litt innspel frå resten av redaksjonen, vert desse ideeane til slutt ei sak til avisa.

Ei heil avisutgåve dedikert til ungdommen, fyld med Nh Ung sine saker, kor fantastisk er ikkje det?

Det å få bruke kreativiteten vår på ein slik måte som både kan bidra til å engasjere og inspirere andre på vår alder, er noko me set stor pris på. Me i Nh Ung-redaksjonen har fått erfaring om korleis avisa og media fungerer, og korleis det er å jobbe med det.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Vi har komme langt på eit år, og no får me endeleg laga ei rein Nh Ung avis, og det er jo rett og slett berre kult! Ei heil avisutgåve dedikert til ungdommen, fylt med Nh Ung sine saker, kor fantastisk er ikkje det? Me i Nh Ung-redaksjonen er i alle fall utruleg takknemleg for det, og arbeidet som blir lagt inn frå avisa for å få dette til.

Året i Nh Ung har vore ei positiv oppleving. Det har sjølvsagt vore stress til tider, men me har verkeleg fått igjen for strevet. Me håper at 2018 blir eit år der me kan få nye erfaringar som me kan bruke til å engasjere og inspirere endå fleire: Både store og små.

Kos dykk med Nh Ung-avisa!

Følg Nh Ung:

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/ung

Artikkeltags