Den friborne sognefjordingen

PÅ KANTEN PÅ UTKANT: Kjartan nyt kvart eit augneblink på scena, og på eit blunk er kleda av.

PÅ KANTEN PÅ UTKANT: Kjartan nyt kvart eit augneblink på scena, og på eit blunk er kleda av. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Per Áki Sigurdsson Kvikne, alias Kjartan Lauritzen (21) frå Balestrand, var for tre år sida klar for å opptre på ei scene i eit bibliotek i Bergen. Han skulle spele konsert, men hadde berre to songar i erme, og laga ein song på impro kvelden før.

DEL

Han vart stempla som rar og energisk, men ein sikker kjelde for god stemning. Han flytta til Bergen, og blei fort signert under indierap-kollektivet Vibbefanger, som huser andre artistar som HesterV75 og EMIR.

Meir enn 50 konsertar og ein EP seinare er han no på veg til å ta over Noregs rapscene. No veit publikum å forvente både god stemning, høgt energinivå, hud, sveitte og eit meget sannsynleg stagedive.

Vi i ung-redaksjonen prata med Lauritzen om gamle duppedittar og det å kle av seg på Torgallmenningen.

– Kva var den første tanken som slo deg i dag tidleg?

At det var heilt sinnsjukt kaldt inne på rommet mitt og at eg hadde hatt eit voldsomt mareritt i natt, men så kom eg heldigvis på at eg hadde rester av fajitas i kjøleskapet.

– Kva for tre songar er soundtracket til dagen din i dag?

Store P - «Ao», Vince Staples - «Yeah Right» og Kodak Black - «Transportin».

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Kva er din «guilty pleasure»?

Eg liker ikkje uttrykket, eg er open for å like alt! Men om eg skal velge noko som går under kategorien må det vel være The Kardashians! Er overraskande kor underhaldande det kan være!

– Kva burde alle prøve minst éin gang i livet sitt?

Kle av seg på overkroppen og flexe armane midt på Torgalmenningen!

– Kven er den viktigaste personen i livet ditt?

Michael McDonald.

– Kva er det næraste til ekte magi for deg?

Er ikkje det ganske sjukt at vi kan snakke med ein anna person på andre sida av jorda med ein liten elektrisk firkant??? Det er ganske rart å tenke på!

– Kva ting i livet er fortsatt eitt mysterium for deg?

At folk ikkje gjer akkurat det dei har lyst til.

Følg Nh Ung:

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/ung

– Kva er ditt beste minne frå då du var lita?

Då eg fekk ein knøtt-liten elektrisk chopper, den var så sjukt fet!

– Kva for nokre artistar har vore med å forme deg sjølv som artist?

Hester V75, Odd Future, Mac DeMarco, Earth, Wind &Fire og Kanye West.

– Korleis enda du opp med å lage den musikken du lagar no?

Ved å høyre på mykje forskjellig musikk og bli inspirert av artister innafor mange forskjellige sjangere og ikkje minst lage ting som eg sjølv liker veldig godt!

– Kva må du alltid ha backstage?

Eg må ha masse vatn og ein øl!

Artikkeltags