Eg er ein profesjonell utsettar. Er du?

Guste Geciate, journalist i Nh Ung.

Guste Geciate, journalist i Nh Ung. Foto:

Ja, du har gjetta riktig. Eg skreiv denne artikkelen etter at eg hadde brukt opp kvart einaste anledning til å ikkje gjera det.

DEL

SkråblikkFor om lag eit halvt år sidan sette eg meg ned i senga mi med pc-en på fanget (berre så det er sagt gjer eg dette nærast kvar dag, men denne dagen skil seg ut, just wait for it). Etter ein tur innom alle sosiale medium eg er med på, klarte eg endeleg å opne Word. Etter ein stund der eg berre stira på veggen framfor meg, klarte eg å skrive ei lita innleiing til ein artikkel om utsetting. Først no, seks månader seinare, klarte eg å skrive vidare på ideen min. Kvifor det? Well, to be honest den innleiinga sugde, men eg er også ein profesjonell utsettar.

Eg er ein person som alltid gjer alt i siste sekundet. Kjensla av at ja, no er tida inne for at eg skal øve på naturfagsprøven som skal skje om tre dagar men nei da, tar heller og ser alle sesongane av Grey’s Anatomy på nytt igjen. Slike kjensler er ikkje noko nytt for min del. Det er kanskje noko i genane mine eller kanskje noko eg tilpassa meg til då eg var lita. Eg hugsar veldig godt frå barndommen min at eg alltid pleidde å seie at eg skulle ete til kvelds den ekle fiskekaken som eg eigentleg skulle ete til middag. Det einaste eg faktisk veit er at eg har alltid vore sånn. Eg trur også at det er mange fleire enn meg som har eit slikt forferdeleg personlegdomstrekk. Men la oss sjå på den positive sida. Ei venninne av meg sa i går «vi blir i alle fall flinke på å øve til eksamen». That’s the spirit!

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Sidan det er blitt snakk om i går, så var det då eg endeleg innsåg at prøven i naturfag er neste dag. Gode nyheiter; hjernen min byrjar å fungere som den skal. Eg set meg ned opnar boka og lagar ein plan for kva som skal lesast og lærast i løpet av kvelden (vi hadde eigentleg ein pensumliste, men kva slår litt produktiv utsetting, if you know what I mean?). Innser at det å lage liste tar alt for lang tid og den er allereie blitt kjempelang sjølv om det er ein god del eg ikkje har tatt med (bestemmer meg for at eg skal berre følge leisten læraren hadde laga). Hoppar fram og tilbake mellom sidene medan eg samtidig seier høgt alle dei verste banneorda eg veit om til meg sjølv. Lagar masse lydar som ikkje er så ukjente lenger når eg innser at det er ikkje mogleg å lese ei side med det eine auget og ein annan side med det andre. Kvifor er det berre 24 timar i eit døgn? Oh, good memories.

Kven som helst som les dette no, er anten ein utsettar sjølv eller kjenner nokon som er det, i alle fall litt. Om det er ein ting eg veit her i livet så må det vere det. Kva er det som gjer at vi kan aldri pakkar inn bursdagsgåva før tidleg om morgonen den dagen vi skal gi den vekk? Grunnen til kvifor det kom opp i tankane mine at eg skulle skrive om utsetting akkurat i dag (eg hadde jo for lengst gløymt at eg hadde ein slik idé in the first place), var fordi at eg hadde den berømte naturfagsprøven nokre timar før. Eg tok meg ikkje tida til å sette meg ned og øve på den systematisk, fleire dagar før vurderinga slik som alle smarte og suksessfulle personar gjer. Det er ikkje fyrste gongen dette skjer heller, det må eg understreke om du har ikkje fått det med deg ut ifrå samanhengen enno. Men i dag sa eg til meg sjølv; «nei veit du kva, du skal byrja å øve til alt som er i tidsramma tre år frå no av, med ein gong!». So far so good, skriv no på denne teksten her. (Eg hadde føretrekt at du ikkje spurte meg om denne samtalen eg hadde med meg sjølv i morgon.)

Følg Nh Ung:

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/ung

Artikkeltags