Dette gjorde ungdommane for å samle pengar til Etiopia
Nh Ung har tatt ein prat med nokre av ungdommane som deltok på Etiopia-aksjonen denne veka.
Torsdag denne veka hadde Knarvik ungdomsskule ein innsamlingsaksjon for Etiopia.
Då arbeidde ungdommane rundt om i bygda, gjorde husarbeid heime eller var på skulen og gjorde diverse oppgåver som for eksempel å selje vaflar i Knarvik senteret.
Målet med arbeidet er å samla inn pengar til eit humanitært prosjekt saman med Knarvikmila gjennom The Great Ethiopian Run sitt samarbeidsprosjekt med UNICEF.
– Pengane skal mellom anna gå til utviklingsprogram for å betre tilhøva og framtida for kvinner, barn og familiar, ved å gje utdanning og å førebygga/handsama utfordringar som mellom anna HIV og AIDS. Målsettinga med aksjonen er at elevane skal reflektere og få ei forståing av at vi i Noreg er heldige og har det svært godt. Vi vil gje innsikt til elevane om at det er mange som ikkje har det dei treng for å leva godt, seier rektor Olaf Michal Hella ved Knarvik ungdomsskule.
Nh Ung tok ein rask prat med nokre ungdommar, og høyrde kva dei skulle gjere i samband med aksjonen.
Nh Ung
Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.
Kommentarer til denne saken