Kva er ungdommane sine beste juleminne? Det har i alle fall lite med materielle gåver å gjere...

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Nh UngKorleis står det til med juleminna hos undommen? Kva er det som festar seg i minnebankane hos dei unge?

Nh Ung journalistane Silje Vassdal og Peter Pletten har vore ute i felten og snakke om juleminne og andre «julete» ting. Svara Peter fekk kan du sjå i videoen lengre nede i saka.

Ut i frå svara vi fekk er det andre ting enn materielle gåver som har gitt ungdommane deira aller beste juleminne!

Jens Skaar Sæthre (17) frå Seim

Jens Skaar Sæthre

Jens Skaar Sæthre Foto:

– Jula er ei veldig fin tid, og eg har mange fine minner frå alle år, men det eg hugsar best er nok då eg var på Osterøy med fetteren min i 2012. Vi leika ute i snøen, og kasta snøballar til kvarandre. Plutseleg kom hunden min, og sprang etter snøballane, og henta dei tilbake til oss. Det var morosamt. Samstundes var det også veldig fint ute, med mykje snø og fine lys. Det er nok mitt beste juleminne.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Einar Skaar Andersen (14) frå Seim

Einar Skaar Andersen

Einar Skaar Andersen Foto:

– Kvar jul når det er snø, leiker eg alltid ute. Det er kjempe kjekt kvart år, men ein gong eg hugsar spesielt er eit år når eg og nokre kompisar lagde gigantiske snøballar, og ein gedigen snøhole. Vi kunne nesten ha budd i den!

    Nh Ung har tatt ein runde i Knarvik og høyrt spurt nokre ungdommar om deira forhold til jul. Film: Peter Pletten for Nh Ung

    Tobias Styve (14) frå Seim

    Tobias Styve

    Tobias Styve Foto:

    – Eg er utruleg glad i elektriske duppedittar, så mitt beste juleminne er nok ei gåve eg fekk. Eg hadde ønska meg det sidan tidenes morgon, og endeleg fekk eg det. Eit fjernstyrt helikopter. Dessverre, ved eit uhell klarte eg å knusa den første gong eg brukte den.

    Tuva Solheim (14) og Maria Aakvaag (14) frå Kvamsvågen

    Tuva Solheim  og Maria Aakvaag.

    Tuva Solheim og Maria Aakvaag. Foto:

    Maria fortel at hennar beste juleminne var då ho og tvillingbroren var heime og skulle bake julebakst, nærare sagt peparkaker, og det gjekk rett til pises.

    – Me fekk ein god latter ut av det då, men peparkakene var ikkje så gode, seier ho.

    Tuva derimot, har ei langt meir vellykka oppleving i minnebanken. Ho fekk nemleg ein tur til Paris i julegåve eitt år.

    – Eg vart sjukt overraska, fortel ho.

    Følg Nh Ung:

    Snapchat: nordhordlandung

    Facebook: Nh Ung

    Instagram: Nordhordlandung

    Nett: nordhordland.no/nh-ung

    Artikkeltags