Før følte Vilde at alle stira på ho. No prøver ho å ikkje bry seg

Av
Publisert

Før følte Vilde at alle stira på ho på grunn av korleis ho såg ut. No prøver ho å ikkje bry seg, og heller akseptere at ho er som ho er.

– Eg har aldri hatt lyst til å vera tynnare eller slankare, og har alltid følt meg for tynn. Eg skulle ønske eg kunne eta meir, men det er ikkje så enkelt som mange trur. Dette seier Vilde Mo Hagesæter (15) frå Leknes.

LES OGSÅ: Knarvik-russ tar avstand frå vill pengebruk og ukultur

Så lenge ho kan hugse har Vilde har slite med dårleg matlyst. Ho har vore inn og ut av sjukehuset opp til fem gonger, og eteforstyrringa har teke over mykje av livet hennar. For Vilde er det viktig å understreke at ho ikkje har anoreksi eller bulimi.

– Eg har aldri hatt eitt ønske om å gå ned i vekt, men eg har alltid lagt under gjennomsnittet. Legane har ingen diagnose for det, men dei pleier å referera til det som ufrivillig eteforstyrring eller etevanskar.

«Eg følte at alle dømde meg for korleis eg såg ut.»

Vilde Mo Hagesæter

Sjølv om ho ønsker å vera aktiv og trene er det avgrensingar for kva kroppen hennar toler. Ho kan ikkje trena for mykje om gongen, og slit derfor med å bygga musklar. Men problemet set og grenser for det sosiale.

– For å få i meg nok næring i løpet av dagen er eg avhengig av klokka. Det kan fort komme i konflikt med når det passar for andre å finna på noko på fritida.

Sjølv om spiseforstyrringa går ut over undervisinga, håpar Vilde å kunne jobbe med noko ho interesserer seg for i framtida. Ho veit ikkje heilt kva, men sminke er ein hobby ho trur det kunne vere spennande å arbeide med.

Sjølv om spiseforstyrringa går ut over undervisinga, håpar Vilde å kunne jobbe med noko ho interesserer seg for i framtida. Ho veit ikkje heilt kva, men sminke er ein hobby ho trur det kunne vere spennande å arbeide med. Foto:

På grunn av fleire sjukehusopphald, har Vilde fått høgt fråvær og store hol i undervisinga.

– Eg stryk i nokre fag, og det svekker meg jo. Det set litt rammer for vidaregåande. Eg kan ikkje velje og vraka fordi snittet mitt anten er for lågt eller fråværet for høgt. Det er kjipt at det går så mykje utover framtida min, men eg håpar likevel at eg kan jobbe med noko som interesserer meg når eg blir eldre.

LES OGSÅ: Helselaget fekk på plass kommunens første sjukepleiar – No feirar dei 100 år

Ved sida av etevanskane, har Vilde også slite med psykiske vanskar.

– Det vert ein ekstra belastning. Dei psykiske vanskane mine er ikkje ein konsekvens av eteforstyrringa i seg sjølv, men det heng jo litt saman likevel. Viss eg er skikkeleg nedfor ein dag er det vanskelegare å få i seg mat enn viss eg er skikkeleg glad.

Som følge av å vera undervektig har Vilde utvikla låg sjølvtillit.

– Før følte eg ofte at folk stira på meg viss eg gjekk i byen. Eg følte at alle dømde meg for korleis eg såg ut. No prøvar eg å ikkje bry meg om kva andre tenker om meg, og heller akseptere at eg er som eg er.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Korleis reagerer folk når du fortel dei om etevanskane dine?

– Dei aller fleste tek det veldig greitt, og aksepterer meg som den eg er. Men eg er alltid redd for at dei skal dømma meg og tru at eg berre vil ha merksemd.

Vilde har nemleg opplevd fleire gonger at legar og psykologar ikkje trur ho.

– Mange av legane eg snakkar med trur ikkje på at eg ønsker å gå opp i vekt. Det er veldig frustrerande når dei som skal hjelpa meg ikkje trur meg. Eg vert veldig lei meg når folk trur dette er noko eg ønsker eller at eg gjer det fór utsjånaden si skuld.

LES OGSÅ: Då Lise passerte 100 kg på vekta tok ho grep – No skal ho gå frå Mexico til Canada

Ho fortel at sjølv om ikkje ho har anoreksi eller bulimi, møter ho mange jenter og gutar på sjukehuset som slit med dette, og synest det er trist å sjå kva metodar dei tyr til fordi dei ikkje trur dei er gode nok. Vilde meiner ein bør legge større vekt på nettopp det psykiske i behandlinga av folk med eteforstyrring.

– Eg trur legar og psykologar burde fokusera meir på den psykiske biten òg. Det hjelper ikkje å berre fokusere på at me får i oss nok næring, dersom dei ikkje bryr seg om korleis vi faktisk har det. Det hjelper aldri å komme med utsegn som: «Det er jo berre å ete!». Det er viktigare å akseptere oss som vi er, og støtte oss når vi har det tøft, seiar ho og fortsett med at ho meiner media òg har eit ansvar.

Både mor og vener gir støtte som gir Vilde tru på at ho har ei lysare framtid i vente.

Både mor og vener gir støtte som gir Vilde tru på at ho har ei lysare framtid i vente. Foto:

– Media må slutta å bruka dei tynnaste modellane og heller framheva eitt meir realistisk bilde av den gjennomsnittlege kroppen. Eg trur dei fleste jentene strevar etter å oppnå den «perfekte» kroppen, som eigentleg ikkje finst.

LES OGSÅ: Hege måtte slutte i jobben for å ta seg av invalid dotter: – Må vi flytte ut av kommunen?

Sjølv synest Vilde det kan vera vanskeleg å leve med eteforstyrringa si, men med mange gode venar og familie som alltid støtter ho har ho likevel sterk tru på ei lysare framtid:

– Eteforstyrring er jo dritkjipt, uansett korleis du fekk det. Det kan nokre gonger kjennast hemmande, og det vanskeleg å halde motivasjonen oppe til tider. Men eg tek dagane som dei kjem, og prøver ikkje å bekymre meg for mykje.

Slit du eller nokon du kjenner med eteforstyrring? Gå inn på nettros.no og få støtte, råd og rettleiing.

Vilde har ofte kjent at folk har stira på ho på gata, men no prøver ho å akseptere at ho er som ho er.

Vilde har ofte kjent at folk har stira på ho på gata, men no prøver ho å akseptere at ho er som ho er. Foto:

Artikkeltags