Ebrahim frå mottaket på Vågseide
Synne

Ebrahim blei tvangsflytta frå Vågseide. No sit han einsam på nytt mottak og fryktar for framtida

Publisert

NH UNG No sit Ebrahim på eit rom i Arna og anar ikkje noko om framtida. Han er flytt til eit vaksenmottak, og kjenner difor på einsemd og ein mangel på tryggleik. I sommar måtte han flytta frå mottaket på Vågseidet då det blei lagt ned – ein plass som hadde vore heimen hans etter at han kom åleine til Noreg som flyktning frå Pakistan. No går han ei usikker framtid i møte.

– Eg er sliten av å leva i uvisse. Det verkar som om livet mitt ikkje kjem til å starta ordentleg på lenge. Eg er einsam, og eg saknar venene mine på Lindås.

Ifølge regjeringa.no er nordmenn rådd mot å besøke Afghanistan. «Risikoen for å rammast av terrorangrep er betydeleg de fleste steder. (…) det er videre risiko for drap, kidnapping, ran og for å rammast av selvmordsbombing og veibomber.(…) Tilgjengeligheten til medisinsk bistand er svært avgrenset.» Slik skildrar nettstaden tilhøva i Afghanistan. Likevel er det dit mindreårige asylsøkarar blir sende – Ebrahim er kanskje ein av dei.

Ebrahim stiller seg sjølv mange spørsmål, etter å ha fått avslag på mellombels opphaldsløyve for mindreårige. No fryktar han å bli kasta ut av landet i næraste framtid.

Anten vi gjekk på konsertar, restaurantar eller senteret var det alltid ei frykt for at noko skulle skje. Ville nokon sprenga ei bomba? Ville vi i det heile overleva, og koma oss heim att?

Det er sommar når eg snakkar med Ebrahim første gong. Eg møter han på asylmottaket på Vågseidet, kort tid etter at han har fått den nedslåande beskjeden om at mottaket blir lagt ned. Rommet vi sitt i er stort, kvitt og lite innreia. På ein av veggane er eit hol og det er fleire slitasjar på golvet. Han er litt nervøs for intervjuet, sidan det fort kan oppstå kommunikasjonsproblem. Han fortel likevel gledeleg det han meistrar å sei om livet hans før, og etter Noreg.

Han byrjar med å fortelja at han er seksten år gammal. Han fortel at han i 2000 vart han fødd i Afghanistan, men berre nokon år etter flykta familien til Pakistan grunna uro i landet. Der har han vakse opp saman med sine ni søsken, som i dag er spreidde rundt omkring i verda. Ebrahem fortel at Familien budde i eit trongt hus, og Ebrahim arbeidde som teppemakar saman med andre barn for å tene inn litt ekstra pengar. Men snart nådde uroa Pakistan.

– Det byrja når eg var kring 10 år gammal. Det var skummelt å gå ut. Anten vi gjekk på konsertar, restaurantar eller senteret var det alltid ei frykt for at noko skulle skje. Ville nokon sprenga ei bomba? Ville vi i det heile overleva, og koma oss heim att?

Han held fram med å fortelje at han høyrer til Hazarafolket og dei vert forfølgde, så sjølv om han hadde fri på fredagar så fekk han ikkje lov å gå ut av faren sin, fordi det var for farleg. Ofte måtte Hazaraene stenga butikkane sine på grunn av skyting i gatene.

Eg har lært veldig mange nye ting medan eg har budd på Vågseidet og her er utruleg snille folk. Eg er ekstremt takknemleg for den hjelpa eg har fått.

I 2015 flykta Ebrahim frå Pakistan. Foreldra vart igjen, men dei ønskte at han skulle kunna leva eit liv utan å konstant bekymra seg for kva som kunne skje. Flukta gjekk via buss, taxi, tog, båt og til fots. Det einaste landet han veit å ha vore i er Tyskland, resten kan han ikkje namna på.

– Eg drog frå heimen min, og endå til sist opp her i Noreg. Det er eg veldig glad for, her er det veldig fint! Og eg treng ikkje vera redd for eg veit at det er veldig trygt her.

Ebrahim treivst godt på mottaket på Vågseide. Der fekk han vener, både på mottaket og blant dei lokale.

Ebrahim treivst godt på mottaket på Vågseide. Der fekk han vener, både på mottaket og blant dei lokale. Foto:

Eit halvt år etter at han kom til Noreg, flytta Ebrahim til det nye mottaket på Vågseidet. Her fekk han gå på skule og vart kjent med lokalsamfunnet. No er mottaket på Vågseidet lagt ned, saman med 19 andre. Grunnen er at det kjem færre flyktningar til Noreg og derfor trengst det ikkje like mange mottak. Då ønsker dei å fylla dei bygningane som det er behov for – utan nødvendigvis å ta omsyn til at borna er etablert i eit nærmiljø og har venene og vennefamiliane sine der.

Dei 27 Gutane frå Vågseidet har no blitt splitta og plassert på nye stadar.

– Eg synest det er veldig trist. Eg likte meg veldig godt, og kjem til å sakne alle venene mine veldig mykje. Eg har lært veldig mange nye ting medan eg har budd på Vågseidet og her er utruleg snille folk. Eg er ekstremt takknemleg for den hjelpa eg har fått.

Men nedlegging av asylmottaket er ikkje dei vondaste nyhenda Ebrahim har fått dei siste månadane; han har nemleg fått svar på søknaden om mellombels opphald i Noreg.

– Eg har fått avvist søknaden min. Det er veldig kjipt, nesten alle frå Vågseidet har fått negativt svar. Det tyder at når eg er 18, kan eg bli sendt til Kabul. Eg har to sjansar for å klaga på vedtaket. Men det er ikkje så sannsynleg at eg får positivt svar. Så då må eg ut av landet.

Ebrahim hevdar å vere seksten år, men UDI er ikkje einig. Dei hevda først at han var 19, deretter 17. Når Ebrahim fyller atten år kan han risikera å bli sendt ut av Noreg.

Det er ikkje trygt. Eg les om bomber og skyting. Mange døyr heile tida. Viss dei som bur der no ikkje kan leva trygt, korleis kan eg?

Men det som bekymrar Ebrahim meir, er der han vert sendt. I staden for å dra tilbake til familien sin i Pakistan, vert han returnert til Afghanistan, eit land han berre budde i dei første leveåra, og knapt hugsar. For han held seg oppdatert på nyhende som skjer i Midtausten, og uroa i hovudstaden Kabul hjelpar ikkje på nervøsiteten. Han veit òg at Hazaraene, folket han sjølv høyrer til, vert forfølgt.

Månader etter at han vart flytta frå Vågseide, snakkar eg med Ebrahim igjen. Framleis anar han ingenting om framtida. Han ventar i spenning på kva som vil skje, og kor han vil hamne. Han er redd for kva som kan komme, og å bli returnert til det krigsherja landet.

– Eg vil ikkje til Afghanistan. Korleis skal eg leva der? Det er ikkje trygt. Eg les om bomber og skyting. Mange døyr heile tida. Viss dei som bur der no ikkje kan leva trygt, korleis kan eg?

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken