Livserfaringa ingen studium kan gje

MANGE INNTRYKK: Philip Sletten-Hansen (t.v.) og kompisen Jørgen Larsen saman med eit av borna ved skulen der dei jobba som frivillige.

MANGE INNTRYKK: Philip Sletten-Hansen (t.v.) og kompisen Jørgen Larsen saman med eit av borna ved skulen der dei jobba som frivillige. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Studenten Philip Sletten-Hansen (19) frå Alversund kom i juni i år heim att etter ei lang reise til Cape Town i Sør-Afrika.

DEL

Bakgrunnen for turen var at Philip bestemde seg for å droppe ut frå bachelorprogrammet petroleum og prosessteknologi ved Universitetet i Bergen. Han synest det var interessant i starten, men fant fort ut at han ikkje var klar for meir skule enno. Dei fleste unge vel å gå direkte på studium etter fullført vidaregåande skule, mens nokon vel å anten ta friår eller droppe ut. Philip var ein av desse. Han valde å droppe ut til jul i fjor. Då oppfordra foreldra han til å reise, noko som slo godt an hos 19-åringen.

– Eg hadde eigentleg ikkje nokon idé om kva eg skulle gjere. Først tenkte eg at eg berre skulle jobbe for å tene pengar, men så foreslo foreldra mine at eg kunne reise rundt eller jobbe som frivillig, og det syntest eg høyrdest kjempekjekt ut, seier han.

LEIKEPLASS: Her er dei saman med borna på «leikeplassen», som eigentleg berre var ein parkeringsplass.

LEIKEPLASS: Her er dei saman med borna på «leikeplassen», som eigentleg berre var ein parkeringsplass. Foto:

Etter mykje om og men landa han på å arbeide som frivillig i den sørlegaste delen av Afrika.

– Det er veldig mykje kriminalitet i Sør-Afrika eigentleg, og det var familien min litt bekymra for. Men dersom ein er oppegåande, så er det ikkje noko problem. Eg merka ikkje noko til kriminaliteten sjølv, men vi hadde ein kompis der som hadde drukke litt for mykje, så vart han kidnappa, fortel han og humrar, men påpeikar at kompisen kom trygt tilbake.

Lang reise

Det var ikkje berre berre å reisa dei 15000 kilometerane. Reisa tok meir enn eit halvt døgn å fullføra. Saman med kameraten Jørgen Larsen tok dei fly til Amsterdam, før dei derifrå måtte reisa elleve lange timar til Sør-Afrika.

Dei booka reisa gjennom det norske selskapet «Go Explore», men då dei kom til Sør-Afrika vart dei plassert i ein lokal organisasjon som heitte «Save Foundation». Prosjektet dei jobba med heitte «Surf and adventure». På prosjektet skulle dei jobbe med barn får 2 til 13 år, og halde dei i aktivitet.

– Borna gjorde enorme inntrykk på meg og kompisen min, fortel Philip.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Han seier at dei verka glade heile tida.

– Men av og til vart dei lei seg, og når vi spurte kva som var gale, så fekk vi gjerne som svar at det hadde skjedd eller skjedde fæle ting med dei, anten at dei vart slått heime, eller at foreldra var dødssjuke.

– Vi tok dei med på leikar, synging, springe rundt og rett og slett få utløp av energi slik at dei vart konsentrerte i skuletimane.

– Etter at me hadde vore på skulen og jobba med borna, gjekk me tilbake til der me budde, og så drog vi ut med andre born som var litt eldre. Då tok me dei med på surfing og skating, eller spelte fotball, fortel Philip.

Han seier at dei budde i eit nytt hus som organisasjonen nettopp hadde kjøpt, så han og kompisen vart plassert der. Han fortel vidare at det var akkurat som å bu i eit alminneleg hus, sett vekk ifrå at dei var rundt tjue folk som budde der. Dei sov i køyesenger. Men sjølv om huset var heimekoseleg, var det likevel mykje som gjorde inntrykk på 19-åringen.

– Då eg først kom der eg skulle jobbe, så tenkte eg berre «oi, går det an å leve sånn?», det er jo slikt ein gjerne kan sjå på tv, at folk bor i blikkskur i slummen, ein heil familie. Det var heilt sjukt å sjå det på ekte, seier han.

Ikkje stor forskjell

Trass i forskjellane, så merka han ikkje noko særleg drastisk forandring i kvardagslivet sitt frå heime. Han fortel at han ikkje fekk noko ordentleg innblikk i korleis dei levde, fordi dei sjølv budde utanfor dei fattigaste strøka, i trygge omgjevnader, og fekk servert fleire innhaldsrike måltid kvar dag frå den private kokken dei hadde.

– Men vi fekk høyre korleis det var rundt oss, sjølv om vi aldri fekk sett det ordentleg, berre i veldig små dosar, fortel han.

Ein dag fekk dei fortalt at dei skulle på ein leikeplass med borna, og då såg han for seg ein normal leikeplass med rutsjebane og dissestativ, men då dei kom fram viste det seg å vera ein parkeringsplass der borna kunne boltre seg. Då fekk han seg eit lite sjokk.

Han og kompisen Jørgen Larsen var med på prosjektet i to og ein halv månad. Etter at prosjektet var ferdig, bestemte dei seg for å utforske Afrika. Dei drog først inn til sentrum av Cape Town og var der ei veke, før dei drog vidare på safari i ei veke til. Der besøkte dei blant anna Victoria Falls i Zimbabwe, så køyrde dei ned langs grensa til Botswana, og enda opp i Johannesburg i Sør-Afrika til slutt.

– Noko av det gøyaste eg opplevde då var at vi hoppa i fallskjerm og fekk nye vener frå heile verda, det er absolutt ei oppleving som eg ikkje ville vore forutan. No i ettertid har eg eit heilt anna syn på korleis vi har det her heime, vi har det alt for godt i forhold til dei. Eg unner alle ei slik reise, anbefaler han.

No har Philip byrja med å ta opp igjen fag som privatist, og jobbar i daglegvarebutikk utanom, men lengtar stadig tilbake til landet i sør.

– Eg vil dra tilbake og sjå korleis skulen eg jobba på har utvikla seg, for dei var midt i ein prosess der dei skulle få gjort mykje, men dei hadde ikkje så mykje ressursar og pengar. Om mogleg så vil eg også prøve å kontakte borna som eg jobba med, for dei gjorde særskild stort inntrykk på meg.

Artikkeltags