Den unge mannen eg treff på Torgallmenningen i Bergen møter meg med ein stor klem og smiler breitt, sjølv om han er midt i ein jobbsamtale på mobilen.
Kvardagen har vorte hektisk for Samuel Massie (24) etter at han kapra merksemda til mediehus over heile verda, då han som 17-åring drog saman med eit mannskap på fire til Sydpolen på skuta «Berserk». Då dei nådde Sydpolen, og Samuel saman med kaptein Jarle Andhøy skulle køyre på ATV til punktet i syd, fekk dei varsel frå Noreg om at det resterande mannskapet hadde utløyst eit naudsignal, og skuta samt mannskapet vart erklært forlist.
Samuel og Jarle vart møtt av journalistar frå heile verda då dei kom heim att, som spurte blant anna kva planen var vidare og andre spørsmål som korkje Samuel eller Jarle ante svara på.
Då Samuel kom heim til Bergen, tok han beina fatt, og isolerte seg på hytta si i eit halvt år for å skrive ned det han følte. Det resulterte i boka «Hold fast!» som han gav ut i 2014. Han har også vore aktuell i tv-konkurransen «Skal vi danse», og er for tida programleiar i TV2.
Vi i Nordhordland Ung har lest boka og fått eitt eksklusivt møte med den tidlegare deltakaren og programleiaren av «Skal vi danse».
– Kva var den første tanken som slo deg i dag tidleg?
Det første eg tenkte når eg vakna var at eg måtte rekke flyet som gjekk frå Bergen til Oslo klokka seks på morgonen. Etter det vurderte eg om eg skulle dusje eller ikkje, noko eg kanskje burde ha gjort, men altså ikkje gjorde. Når man har vore ute på segltur i sju månader utan å ha dusja, så går det liksom fint å hoppe over berre ein dusj på morgonkvisten.
– Kva for tre songar er soundtracket til dagen din i dag?
Den var vrien! Det må vera Happy av Pharrell Williams, den er eg jækla glad i. Eg tykker også veldig godt om My Way av Frank Sinatra for tida. Den siste må nok vera ein portugisisk ein som heiter Boa Sorte av Vanessa Da Mata, jækla flink dame. Boa Sorte tyder forresten lukke til.

Leo Ajkic om kjærleik og inkludering: – Vi lir av tilskodareffekten
– Kva er din «guilty pleasure»?
Eg kjenner generelt sett lite «guilt». Eg tenker at det ein følar er heilt okei. Eg undrar meg om eg ikkje har nokon «guilty pleasure» faktisk. Rett og slett fordi at dersom eg følar for å for eksempel ete noko, så gjer eg det med god samvit. Eg veit ikkje om det er fordi eg ikkje eig «guilt», eller om eg rett og slett ikkje eig sjølvinnsikt nok til å forstå at det burde ha vore nokre «guilts».
– Kva burde alle prøve minst éin gong i livet sitt?
Å bevege seg utanfor si komfortable sfære. Å gjere noko dei ikkje kan. Å tørre å begi seg ut på noko som dei er litt redd for, men som dei har litt lyst til.
– Kva er det næraste til ekte magi for deg?
Det som er nærast ekte magi for meg er å sjå når folk veks og utviklar seg. Utvikling er lik magi. Eg arbeider mykje med unge som slit og folk som har falt ut av arbeidslivet. Når eg kan sjå at dei som verkeleg har vore på botnen, utviklar seg og blomstrar – det er magi. Men magi for meg er også å vitne om folk som er målretta og elskar det dei gjer, sånn som deg!
Veit ungdommane eigentleg kva halloween er? Sjå dei herlege svara
– Kva for ting i livet er framleis eitt mysterium for deg?
Det er mange mysterium i mitt liv. Nokre av dei treng at vi sit og pratar om dei i ti timar, mens andre krevje ti sekund. Blant dei kortare så undrar det meg korleis to menneske med heilt like ambisjonar og lik kunnskap, men med ulike ressursar ender opp heilt vidt forskjellig i livet. Det er ikkje rettferdig.
– Kva er ditt beste minne frå då du var liten?
Eg er buekorpsgutt. Mitt første og beste minne er min første 17. mai. Eg var to og eit halvt år då eg byrja i buekorpset, og eg fekk vera maskot og gå rundt i byen på nasjonaldagen heilt åleine. Då var eg ein stolt dritunge.
– Viss du kunne gitt 15 år gamle Samuel tips om damer, kva ville du sagt?
Eg ville ha sagt at han ikkje burde ta livet så seriøst. Han burde ikkje vera redd for å prøve seg litt fram. Så ville eg kanskje også sagt til 15 år gamle Samuel at det ikkje er om å gjere å ha samleie med flest mogleg personar. Kvalitet over kvantitet, Samuel.
– Korleis ser ein perfekt dag ut for deg?
Ein perfekt dag for meg er når dagen er annleis enn den førre. Eg er glad i forandring. Ein perfekt dag for meg kan vera å berre legge frå meg mobilen heime og isolere meg på hytta, heilt stille og roleg. Kanskje tar eg meg ein segltur og fiskar, og koplar heilt av. Det er ein perfekt dag. Men ein perfekt dag kan også vera når det verkeleg stormar på og blåsar opp, og det er mykje arbeid å gjere og det skjer masse.

Silje (17) var nær ved å gje etter for drikkepresset. Slik stod ho imot