Jonatan (16) løyser Rubiks kube på 10 sekund

    Jonatan (16) har planar om å delta i verdsmeisterskapen i Rubiks kube. (Video: Peter Pletten)

    Av
    Artikkelen er over 1 år gammel

    – Eg har drive med Rubiks kube sidan 2011, men fekk min første kube i 2010. Det tok nesten eit år før eg løyste kuben, fortel Jonatan Solheim (16) frå Frekhaug.

    DEL

    Jonatan (16) var for nokre veker sidan med i noregsmeisterskap i Rubiks kube, og no har han planar om å dra på verdsmeisterskap.

    – Kva var det som gjorde at du starta med Rubiks kube?

    – Min bror var på ein speidartur, og der møtte han nokon som kunne løyse kuben, og då kom han på at vi også hadde ein kube liggande heime. Først lærte han seg å løyse den, og så viste han den til meg. Då gjekk eg på internett og søkte på korleis ein løyste ein rubiks kube, så det var sånn eg begynte, fortel Jonatan.

    Han har no vore med i NM i rubiks kube for fjerde gong på Lillestrøm. Denne gongen vart han litt misfornøgd med korleis det gjekk.

    – Eg kom til semifinalen, det gjekk veldig bra på dei tre første løysingane, og fekk løysingar på gjennomsnittstid 10 sekund. På dei to siste så blei eg veldig nervøs som gjorde at eg fekk løysingar på 12-13 sekund, då kom eg kom på 10.-plass og akkurat ikkje til finalen, fortel han.

    – Eg var eigentleg god nok til å komme til finalen, men på grunn av litt uhell så kom eg ikkje vidare.

    Systemet fungerer slik at for kvar runde løyser ein kuben fem gonger, og så reknar dei gjennomsnittet av tidene. Dei åtte beste går vidare til neste runde.

    Jonatan fortel at han er der eigentleg mest for gøy.

    – Det kjekkaste på sånne konkurransar er at eg får lov til å møte alle dei vennene som eg har fått gjennom meisterskapa.

    Jonatan har også hatt norgesrekord i 2x2, ein Rubiks kube med berre fire fargefelt på kvar side. Dette var i 2015 med gjennomsnittstid på 2:77, men no har dessverre denne rekorden blitt slått av nokon andre med snitt tid på 2:48.

    – Eg har drive med Rubiks kube sidan 2011, men fekk min første kube 2010 og det tok nesten eit år til eg løyste kuben, fortel Jonatan Solheim (16) frå Frekhaug.

    – Eg har drive med Rubiks kube sidan 2011, men fekk min første kube 2010 og det tok nesten eit år til eg løyste kuben, fortel Jonatan Solheim (16) frå Frekhaug. Foto:

    Ved sida av det så har han meldt seg på til verdsmeisterskap i Rubiks kube, som er i Paris i sommar. Men det er førebels ikkje sikkert om han drar.

    – Eg har heller ingen planer om å vinna VM. Det handlar heller meir om å få møte endå større miljø, seier han.

    Europameisterskap har han også vore med på. I 2015 så var han med i Europameisterskap i Danmark. Han kom ikkje så langt den gongen, men sidan då har han blitt mykje betre.

    – Det var veldig kult å få sjå dei beste i Europa. Det som var mest imponerande av det som var der var å sjå korleis dei løyser kuben i blinde. Dei fekk 31 kubar som dei skulle sjå på i 5 til 10 minutt, og etterpå så fekk dei bind for auga og løyste 27 av dei, fortel han entusiastisk.

    Les også: – Eg ser opp til dei som tør å vera seg sjølv

    – Har du noko tips til dei som har lyst til å lære seg korleis kuben fungerer?

    – Det beste tipset til å bli betre eller lære seg korleis kuben fungerer, er rett og slett berre å gå på internett. Sjå på andre som kan gi deg tips og sånt. Då blir det mykje lettare, tipsar Jonatan.

    – Begynn med det enkle, søk på forskjellige metodar til å løyse kuben.

    – Kva er hemmelegheita bak suksessen din?

    – Det er eigentleg ingen hemmelegheit. Det er berre mykje øving så blir du god, fortel Jonatan.

    – Begynn med det enkle, søk på forskjellige metodar til å løyse kuben på nettet, tipsar Jonatan Solheim.

    – Begynn med det enkle, søk på forskjellige metodar til å løyse kuben på nettet, tipsar Jonatan Solheim. Foto:

    Rubiks kube:

    Rubiks kube finst i fleire versjonar, men den mest vanlege er 3-kuben.

    Den er bygd opp av 26 mindre kubar, ni ruter på kvar av dei seks sidene. Rutene har seks forskjellige fargar, og målet er at få kvar side til å bestå av same fargen.

    Kjelde: Wikipedia.

    Artikkeltags