Mykje av motivasjonen til at eg skriv dette er mine yngre søsken. Eg vil aldri at dei skal sette seg sjølv i ein posisjon der dei mister mykje av fatninga. Det hadde gjort vondt i søster-hjartet om dei hadde utsett seg sjølv for noko dei ikkje ønskte eller om dei ikkje var i stand til å forsvare seg sjølv.

Eg har ei søster som nyleg fullførte sitt første år på ungdomsskulen, og eg veit at det er no dei verkeleg kan byrje å kjenne på presset. Korleis kan dei unngå å føle seg som festbremser dersom dei vel å ikkje drikke? Og korleis kan dei kontrollere det dersom presset blir for mykje?

Nære å gje etter

Mitt forhold til alkohol er nærast ikkje-eksisterande. Etter grundig tenking har eg sjølv valt å ikkje drikke alkohol før eg er myndig, men eg har kjent på og vore veldig nære på å gje etter for presset. Starten av ungdomsskuleåra var for meg uproblematisk i forhold til alkohol, men då eg byrja i niande klasse, freista det utruleg mykje å dra på fest og å drikke alkohol med vennene mine.

Eg drog på fester, bursdagsfeiringar og andre sosiale hendingar, og følte meg ofte som ein total festbrems, og vurderte tallause gonger å drikke, berre for å ikkje føle meg utstøytt frå gjengen.

Eg kan med handa på hjartet seie at den einaste motivasjonen eg hadde for å ønske å feste og drikke var fordi det var det dei andre gjorde. Eg drog på fester, bursdagsfeiringar og andre sosiale hendingar, og følte meg ofte som ein total festbrems, og vurderte tallause gonger å drikke, berre for å ikkje føle meg utstøytt frå gjengen. Det gjekk aldri slik, heldigvis.

Då eg byrja på vidaregåande rekna eg med at drikkepresset ville auke, då det er naturleg med alderen, men for min del har det aldri freista mindre enn no å drikke alkohol. Min første ordentlege fyllefest kjem eg ikkje til å gløyme. Eg hadde vitna mykje drikking og festing på ungdomsskulen, men det var ikkje før eg byrja på vidaregåande at eg fekk sjå korleis folk festar hardt.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

 

Då eg kom til festen var det allereie fleire fulle jenter som jokka rundt på alt med puls, og gutar som drakk harry øl som fedrane deira hadde gjeve dei. «Shots» med høgare alkoholprosent enn eg trudde var mogleg, drakk dei ein etter ein. Det kom opp igjen like fort som alkoholen gjekk ned, og eg har aldri vore mindre freista til å drikke alkohol sjølv.

Eg merka at folk vart mykje meir utadvende, men det er synd at nokon treng ei kappe av alkohol for å bli kjende med nye menneske.

                                                                      

Eg merka at folk vart mykje meir utadvende, men det er synd at nokon treng ei kappe av alkohol for å bli kjende med nye menneske.

Vil vere rollemodell

Det blir ein slags uunngåeleg norm mot slutten av ungdomsskulen at ein skal konsumere alkohol på fest, og det er absolutt ikkje noko nytt fenomen at alkoholkonsumering startar tidleg hos nokre, slik har det alltid vore. Foreldra våre var likeins, men så klart vert dei uroa når gullet deira utsett seg sjølv for potensiell fare, då dei allereie har vore vitne til kva for konsekvensar alkohol kan gje.

Les også

Før følte Vilde at alle stira på ho. No prøver ho å ikkje bry seg

 

Kanskje det hadde vore kult å ha noko å fortelje barna mine når dei ein dag kjem til verda, om absurde fester og elleville menneske eg hadde møtt dersom eg hadde hatt alkohol i blodet. Men for meg er det viktigast å stå opp som ein rollemodell, og å vere ærleg. Det er viktig å vere konsekvent på kva konsekvensar alkohol kan gje.

Mine beste tips til å stå i mot drikkepresset:

  • Berre du sjølv bestemmer over eigen kropp: Ikkje lat venninna di, kompisen, foreldre eller kjærasten din bestemme kva du skal gjere.
  • Ikkje set deg sjølv i bås. Du er ikkje ein festbrems berre fordi du ikkje drikk.
  • Pass på at du er i godt humør om du går på fest, ver utkvilt, meitt og opplagd til å vera sosial.
  • Ikkje kom på fest med ei halding om at det er keisamt å vera edru. Ha gode og meiningsfulle samtaler med venninner, og ver med å snakke om og høyre på alt det absurde folk har å seie.
  • Ikkje drikk på deg nokon du ikkje er. Dersom du treng å drikke alkohol for å ha det kjekt med venane dine, så burde de heller vurdere om de kan gjere noko anna kjekt saman. De er trass alt venner fordi de er glade i kvarandre, ikkje fordi de drikk saman.
  • Dersom du er ein forelder; ver open med borna dine om alkohol, og ha tydelege reglar for kva som er greitt i heimen. Nokre synest det er greitt å sende ungdommen på fest med litt øl, mens andre har nulltoleranse.
  • Allier deg med ein annan eller fleire som ikkje drikk, då er det lettare å seie nei.
  • Førebu nokre motspørsmål dersom nokon spør kvifor du ikkje drikk. Du treng ikkje sei noko anna enn at du ikkje vil, men du kan også stille spørsmål tilbake som «Kvifor drikk du?».
  • Viktigast av alt: Hugs på at det er særs flott å gjere si eiga greie. På same måte som at å drikke alkohol ikkje gjer deg til ein betre person, så gjer det deg ikkje noko betre ved å ta avstand.
  • Og sist, men ikkje minst: Pass på kvarandre, hjelp kvarandre, og ikkje døm kvarandre!

Les også

16 år gammal blei Amalie mamma