– Det er ei tragisk hending som vi etterforskar som ei ulykke, seier Askel Rødland til Nordhordland.
Rødland er straffesaksansvarleg i Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.
Hendinga skjedde torsdag 2. mars like før klokka 16 på ettermiddagen. Aking i snøen fekk eit fatalt utfall i Høyanger-delen av fjellområdet Stordalen.
Ulykka skjedde altså ikkje i samband med skisenteret i Masfjorden.
Politiet etterforskar
Barnet var aleine på akebrettet, men var under tilsyn og vart umiddelbart teken hand om då det enda katastrofalt.
Rødland bekreftar at kyndige personar var på staden etter kort tid for å yte bistand. Men at livet ikkje stod til å redde.
– Guten blei henta av luftambulanse og vart floge til Haukeland sjukehus. Der han blei erklært død, opplyser Rødland til NH.
Han stadfestar at det er gjort åstadundersøkingar av krimteknikarar, og at det blir jobba med å finne ut kva som førte til hendinga.
Ifølge BA er familien busett i Bergen og dei var på vinterferie då tragedien skjedde.
– Arbeidet med å avhørye vitne pågår framleis. Dette er ei rutinemessig etterforsking og ingen er mistenkt i saka, opplyser Rødland til BA.
Han seier at den berørte familien ønsker ro og fred i den vanskelege situasjonen dei er i.
Styrar i barnehagen der guten gjekk fortel at Bergen kommune sitt kriseteam er involvert.
– Barn, foreldre, foresatte og tilsette blir ivaretatt på ein meget profesjonell måte, skriv ho i ein SMS til BA.
Ordføraren: – Tragisk
– Eg tek nyhenda med stor sorg. Det er så trist og tragisk. Mine tankar går først og fremst til dei næraste.
Det skriv Petter Sortland i ei melding til NH. Han er ordførar i Høyanger kommune, der ulykka skjedde.
– Opphald i Stordalen skal vera bunde med fritid, glede, leik og moro. Men når slike ting skjer vert det klart kor skjørt livet er, utdjupar han.
Ordføraren vonar familien og dei nærmaste får oppfølging.
– Eg håpar dei råka får tilgang til all hjelpa dei treng.