Bil med fire personar køyrde av E39 i Lindås

Alle fire personane i bilen skal ha komme uskadde frå denne utforkøyringa på E39 ved Fyllingsnes.

Alle fire personane i bilen skal ha komme uskadde frå denne utforkøyringa på E39 ved Fyllingsnes. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 16.15 melde politiet på Twitter om ei bilulykke på E39 ved Fyllingsnes i Lindås kommune.

I bilen skal det ha vore fire personar, og alle skal ha kome seg ut av bilen. Det er ikkje meld om personskade, og dei fire får alle helsesjekk på staden. Omfanget av dei materielle skadane er framleis ukjend.

– Eg møtte alle naudetatane på vegen. Dei køyrde så fort at det lukta svidd etter dei. Eg var sikker på at det var ei alvorleg trafikkulykke ikkje langt ifrå meg, fortel ein NH-tipsar.

Like etter melde Statens vegvesen om redusert framkomst ved staden, der det no er manuell dirigering for trafikkantane.

Artikkeltags