Alle naudetatar på veg til ulykke i Meland

Ein mann vart henta ut av ein tank etter ei arbeidsulukke i Meland, tysdag ettermiddag.

Ein mann vart henta ut av ein tank etter ei arbeidsulukke i Meland, tysdag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 15.20 tysdag ettermiddag melde politiet om ei arbeidsulykke på Stekkevikvegen i Meland. Alle naudetatar er på veg til staden.

– Vi har blitt varsla om ei arbeidsulykke nede i ein tank, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til BA.

Ulykka har skjedd i samband med arbeid i ein kum på ein fiskeoppdrett og ein person har vorte utsett for gassen Hydrogensulfid.

Arbeidaren er tatt ut av tanken og blir tatt hand om av helsepersonell.

– Han blir køyrd til Haraldsplass, seier Magnussen.

Ein person er frakta til sjukehus etter ei arbeidsulukke hjå Alsaker fjordbruk på Rossland i Meland.

Ein person er frakta til sjukehus etter ei arbeidsulukke hjå Alsaker fjordbruk på Rossland i Meland. Foto:

Hydrogensulfid (HS) er ein fargelaus, giftig, brannfarleg gass ved romtemperatur med ein karakteristisk, stikkande lukt av rotne egg, skriv Wikipedia. Dømer på der gassen vert danna er mellom anna i tankanlegg.

Ein tek den oftast opp i kroppen ved innanding. Store norske leksikon skriv at ved eksponering for låge konsentrasjonar er gassen mest irriterande på slimhinnene i luftvegane. Luktesansen forsvinn raskt ved eksponering for høge konsentrasjonar og ein kan verta medvitslaus i løpet av 10–20 minutt som følge av andedrettssvikt.

Artikkeltags