Mann til sjukehus med pusteproblem etter sportsdykking på Lindås

DEL

Like før klokka halv elleve laurdag kveld melde politiet på Twitter om at to sportsdykkarar fekk problem i det dei kom opp over havoverflata.

Dei involverte er to menn som skal ha dykka i Fonnebostsjøen på Lindås i kveld.

Politiet melder om at dei to skal ha blitt dårlege etter at dei hadde kome opp att i dykkarbåten, og skal ha blitt ramma av både pusteproblem og krampar.

Ein av dei to vart sendt til lokal legevakt, medan den andre til Haukeland Universitetssjukehus i ambulanse. Begge dykkarane skal ha vore bevisst då naudetatane kom til staden.

Artikkeltags