No har unge arrangørar starta med planlegginga av UKM-Nordhordland si lokalmønstring

Her er gjengen av ungdommar som skal arrangere UKM i Nordhordland i mars.

Her er gjengen av ungdommar som skal arrangere UKM i Nordhordland i mars. Foto:

Av

Årets lokalmønstring finn stad på Leiknes barneskule laurdag 9. mars.

DEL

UKM står for «ung kultur møtast». Det er ein arena der ungdommar kan kome og vise fram talentet sitt eller interessa si.

På UKM kan ein delta med nesten alt. Ein kan kome og vise fram eit kunstverk eller ei teikning, ein kan synge, danse, spele i band, synge opera, vise ein sjølvlaga film, opptre som konferansier og mykje meir.

UKM er ein kjekk plass å møte andre ungdommar som også driv med det same som deg, eller kanskje noko heilt nytt du aldri har høyrt om før. Det gir deg likevel eit større sosialt nettverk og er ei superkjekk oppleving.

I Nordhordland er det fleire unge arrangørar som er med å planlegge mønstringa, og er med på å setje eit større ungdomspreg på hendinga. UKM er for og av ungdom.

Det er derimot ikkje nokon konkurranse, men etter lokalmønstringa blir nokon frå kvar kommune sendt vidare til fylkesmønstringa, som i år finn stad på Os. Her samlast ungdommar frå heile fylket frå fredag til søndag, framfører det dei gjorde på lokalmønstringa, og rett og slett berre har ei kjempekjekk helg saman med mange andre ungdommar frå resten av Hordaland.

På årets mønstring i Nordhordaland har vi husband. Det vil seie at alle som skal synge blir «backa» opp med profesjonelle musikarar i staden for playback.

Me håper på å sjå deg på lokalmønstringa!


Ebbe Io, Ungdommens Kulturmønstring

Artikkeltags