– Sofie drog meg med, det angrar eg ikkje på

FØRSTE GONG: – Det var veldig gøy å gå vidare på første forsøk, seier Ingrid Marie Solemdal (15) frå Lindås.

FØRSTE GONG: – Det var veldig gøy å gå vidare på første forsøk, seier Ingrid Marie Solemdal (15) frå Lindås. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sofie Haugland (14) overtalde venninna Ingrid Marie Solemdal (15) til å melda seg på UKM. Laurdag gjekk dei begge vidare til fylkesmønstringa.

DEL

Dei to venninnene er strålande nøgde med resultatet etter lokalmønstringa.

– Det var utruleg gøy å gå vidare, seier dei to.

Ingrid Marie er med i UKM for første gong.

LES OGSÅ: – Draumen min er å bli artist

– Dette er første gongen eg er med. Eg vart dradd med av ho her, det angrar eg ikkje på, ler ho og peikar på venninna Sofie.

– Det var veldig gøy å gå vidare på første forsøk. Eg har sunge litt på juleball og sånt, elles øver eg mykje heime, og syng mykje for meg sjølv, fortel Ingrid Marie. 

VANSKELEG: – Målet i år er å gå vidare til landsmønstringa, men det er vanskeleg å nå heilt opp, fortel Sofie Haugland (14) frå Lindås.

VANSKELEG: – Målet i år er å gå vidare til landsmønstringa, men det er vanskeleg å nå heilt opp, fortel Sofie Haugland (14) frå Lindås. Foto:

Ho har enno ikkje lagt nokre store planar for musikkframtida.

– Eg har sunge heile livet, så får vi sjå kva framtida bringer, seier ho.

Sofie har vore med i UKM tre gonger før, og har gått vidare til fylkesfestivalen alle gongane.

– Eg hadde litt meir nerver enn vanleg i år, kanskje eg var litt mindre førebudd enn før, fortel ho.

– Målet i år er å gå vidare til landsmønstringa, men det er vanskeleg å nå heilt opp, fortel Sofie.

SJÅ STOR BILDESERIE FRÅ UKM 2016:

Ho har alltid spilt og sunge mykje, og håpar å kunna ta ei utdanning innan musikk.

– Eg har tenkt på ei musikklinje eller noko sånt, men eg har ingen store konkrete planer heilt endå. Eg kunne tenkt meg ein karriere innan song og musikk, det hadde vore ein draum, men det er eit lite smutthol å komme gjennom, seier ho.

Kunstbidrag vidare

Oda Monslaup Ese (19) og Katinka Halland (19) frå Radøy gjekk begge vidare med sine kunstbidrag.

Oda kom vidare med sitt arbeid «Ansiktsmaske», eit leirearbeid som ho stilte ut foto av på UKM-mønstringa. I år er femte gongen ho deltek på UKM.

– Eg har gått vidare to gonger før, i fjor gjekk eg vidare til landsfestivalen, fortel Oda, som for tida går på kunstskule i Bergen.

– Alt eg har vist fram her er skuleprosjekt. Eg har tatt utgangspunkt i modell i det meste av arbeida mine, seier ho. Planen vidare er å studera vidare innan det kreative.

SJÅ VIDEO MED SMAKEBITAR FRÅ UKM:

    – Det blir nok vidare studier innan kunst, design, arkitektur eller film. Eg har ikkje bestemt meg enno, eg likar å jobba med alt, seier den unge kunstnaren.

    I år har ho i tillegg vore med som ung arrangør, i hovudsak med ansvar for kunsten.

    – Å vera ung arrangør er kjempegøy, samhaldet og opplevingane vi har hatt har vore kjempebra, seier Oda, som gler seg til fylkesmønstringa.

    – Eg ser fram til fylkesmønstringa på Verftet, det blir gøy. I fjor kom eg overraskande til landsfestivalen. Det håpar eg på i år og, det var ei kjempeoppleving eg unner alle å få oppleva, seier ho.

    DIGITAL KUNST: – Eg starta med digital kunst i 2014, då starta eg å teikna for alvor, men eg har alltid vore glad i å teikna, fortel Katinka Halland (19) frå Radøy.

    DIGITAL KUNST: – Eg starta med digital kunst i 2014, då starta eg å teikna for alvor, men eg har alltid vore glad i å teikna, fortel Katinka Halland (19) frå Radøy. Foto:

    Katinka Halland lagar digitale teikningar, og gjekk vidare med bildet «Bug me».

    – Eg hentar inspirasjon over alt til mine teikningar, både frå andre kunstnarar og frå naturen. Eg høyrer mykje på musikk, eg høyrer helst på musikk medan eg teiknar, fortel ho.

    Ho brukar eit digitalt teiknebrett som er kopla til datamaskinen for å laga bilda sine.

    – Eg starta med digital kunst i 2014, då starta eg å teikna for alvor, men eg har alltid vore glad i å teikna, fortel Katinka.

    FORMIDLINGSEVNE: – Eg synest det var mange flinke med god formidlingsevne, det var kjekt å sjå, seier juryformann Vegard Flatøy (t.v.) saman med jurymedlemmane Torstein Lunde og Jan Torry Sande.

    FORMIDLINGSEVNE: – Eg synest det var mange flinke med god formidlingsevne, det var kjekt å sjå, seier juryformann Vegard Flatøy (t.v.) saman med jurymedlemmane Torstein Lunde og Jan Torry Sande.

    Vanskeleg jobb

    Juryen i år bestod av Vegard Flatøy, Torstein Lunde og Jan Torry Sande. Dei fekk ein vanskeleg jobb med å plukka ut dei som skulle gå vidare blant alle dei gode innslaga.

    – Eg synest det var mange flinke med god formidlingsevne, det var kjekt å sjå, seier juryformann Vegard Flatøy.

    – Dei er ikkje berre gode teknisk, men det er folk som likte å stå på ei scene og formidle musikk. Eg trur dei som har gått vidare får mykje ut av UKM, seier han.

    Resultat UKM 2016

    Desse gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM 2016

    Meland:

    Ingrid Marie Solemdal, vokal, med songen «Let it go»

    Lindås:

    Sofie Haugland, vokal og piano, med songen «Turning Tables»

    Miriam Vesteraas, vokal, med songen «Little Me»

    Austrheim:

    Bandet «Fortitude» med låta «More than a feeling»

    Oda Monslaup Ese for «Ansiktsmasker», foto av leirearbeid ho har laga.

    Radøy:

    Oskar Brattetaule, på euphonium, med «Song for Ina»

    André Fresvik Klausen, vokal, med songen «Cough Syrup»

    Bandet «5937», med låta «1 luv»

    Ida Amalie Sæbø Thomassen, vokal, med songen «Burning house»

    Katinka Halland, illustratør, med bildet «Bug me»

    Konferansier:

    Stine Raa og Sigrid Aven Storheim

    Unge arrangørar:

    Jessica Holsen, Sverre Løvslett, Anne Loureen Holsen, Steffen Vestheim Sævdal, Oskar Brattetaule, Maria Murberg, Kristin Vågenes, Jakub Matuszewski, Ida Amalie Sæbø Thomassen, Benedicte Sylta Langøy, Anita Lunde, Silje Nordal og Sofie Eikeland

    Nettredaksjon:

    Didrik Eliassen, Remy Stordal og Alexander Rikstad

    Artikkeltags