– Draumen min er å bli artist

VIDARE: André Fresvik Klausen frå Radøy var ein av dei flinke artistane som gjekk vidare til fylkesfinalen. Draumen hans er å bli artist.

VIDARE: André Fresvik Klausen frå Radøy var ein av dei flinke artistane som gjekk vidare til fylkesfinalen. Draumen hans er å bli artist. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– De har ikkje sett det siste av meg, for å seia det sånn.

DEL

Det seier ein hoppande glad André Fresvik Klausen etter at han gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM.

Lørdag har det vore avvikla lokalmønstring i UKM for heile Nordhordland, og André var ein av dei ti dyktige artistane som gjekk vidare til fylkesfinalen.

– Eg vart veldig glad, eg løp av garde, og klarte ikkje halda kjenslene inni meg, det er heilt utruleg, seier han.

André song låta «Cough Syrup» på lokalmønstrina lørdag.

– Det gøyaste med å gå vidare er at eg får visa fram det eg gjer endå meir, seier André, som og deltog i fjor.

– Då spelte eg piano og song. Då skar det seg litt, og eg bestemte meg for vera med i år, og gjera det endå betre.

Multitalent

Det unge multitalentet speler både gitar, trommer, bass, elgitar, ukulele og piano.

– Eg er kanskje ikkje like god på alle, men eit hovedinstrument er vanskeleg å velga. Eg spelar kanskje mest piano akkurat no, men eg starta med gitar, fortel han.

SJÅ STOR BILDESERIE FRÅ UKM HER:

André drøymer om ein artistkarriere.

– Eg har halde på med musikk i tre år, og har alltid vore veldig glad i musikk, det er ein stor del av livet mitt.

Plan en hans framover er å læra meir musikk.

Vil bli artist

– Det blir heilt sikkert eit eller anna med musikk. Eg håpar å komme inn på ein privatskule med musilinje, som Bergen private gymnas eller Langhaugen, seier han.

VIDEO, smakebitar frå UKM:

– Draumen min er å bli artist, det blir alltid ein råd, trur André.

– Dette har eg absolutt lyst til å satsa på. No er eg 15, når eg fyller 16 kan eg delta på Idol, seier André.

– De har ikkje sett det siste av meg, for å seia det sånn.

Under finn du oversikta over alle som går vidare til fylkesmønstringa.

Resultat UKM 2016

Desse gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM 2016

Meland:

Ingrid Marie Solemdal, vokal, med songen «Let it go»

Lindås:

Sofie Haugland, vokal og piano, med songen «Turning Tables»

Miriam Vesteraas, vokal, med songen «Little Me»

Austrheim:

Bandet «Fortitude» med låta «More than a feeling»

Oda Monslaup Ese for «Ansiktsmasker», foto av leirearbeid ho har laga.

Radøy:

Oskar Brattetaule, på euphonium, med «Song for Ina»

André Fresvik Klausen, vokal, med songen «Cough Syrup»

Bandet «5937», med låta «1 luv»

Ida Amalie Sæbø Thomassen, vokal, med songen «Burning house»

Katinka Halland, illustratør, med bildet «Bug me»

Konferansier:

Stine Raa og Sigrid Aven Storheim

Unge arrangørar:

Jessica Holsen, Sverre Løvslett, Anne Loureen Holsen, Steffen Vestheim Sævdal, Oskar Brattetaule, Maria Murberg, Kristin Vågenes, Jakub Matuszewski, Ida Amalie Sæbø Thomassen, Benedicte Sylta Langøy, Anita Lunde, Silje Nordal og Sofie Eikeland

Nettredaksjon:

Didrik Eliassen, Remy Stordal og Alexander Rikstad

Artikkeltags