No kan du melda deg på til årets UKM

PLANLEGGING: Unge arrangørar på planleggingsmøte i desember.

PLANLEGGING: Unge arrangørar på planleggingsmøte i desember.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Påmeldinga er i gang og mange ungdommar har meldt seg på, men det er framleis plass til fleire.

DEL

Det seier ungdomskoordinator i Radøy, Katarina Birkeland.

Ungdommens kulturmønstring er eit samarbeidsprosjekt mellom Radøy, Meland, Austrheim, Lindås, Fedje og Masfjorden. I år vert fellesmønstringa skipa til på Nordhordland folkehøgskule på Frekhaug, 27. februar.

LES OGSÅ: – Eg var ganske nervøs

– Bruk fantasien

– Påmeldingsfristen er sett til måndag 15. februar kl. 23.00, opplyser Birkeland.

Ein kan delta med til dømes dikt, litteratur, song, band, instrument, dans, teater, film, triksing, kunst, akrobatikk. Ein kan også stilla som konferansier, og mykje meir.

– Det er berre å vera kreativ og bruka fantasien, seier ho.

– Det nye frå i år er at vi skal prøve med husband for dei som ønsker det. Det er berre å ta kontakt med sin kommunekontakt for meir informasjon, seier Birkeland.

LES OGSÅ: Oda gjekk vidare i UKM 

Håper på variasjon

På lokalmønstringa i Meland er det opp mot 20 unge arrangørar som er klare for å setta eit ungdomspreg på mønstringa.

– Unge arrangørar oppmodar ungdom til å melde seg på, det er gratis å delta. Det er kjekt, lærerikt og ein får møte og bli kjent med andre ungdommar med same interesser, seier ho.

Til no har fleire solistar, konferansierar og band meldt seg på.

– Vi håper på ein variasjon av interesser og håper fleire vil melde seg på. Det hadde vore kjekt med nokon danseinnslag, litteratur, teater, kunst og film, seier ungdomskoordinatoren på Radøy.

– Ved eventuelle spørsmål kan ungdom kontakta sin kommunekontakt. Informasjon står på UKM si heimeside.

LES OGSÅ: Vidare med Venus

Fylkesmønstring

Dei deltakarane som er så heldige å bli sendt vidare til fylkesmønstringa må fylla 13 år i 2016. Fylkesmønstringa vert arrangert på Verftet 15.–17. april.

– Fylkesmønstringa i år går over tre dagar, men mykje moro, overnatting, workshop og show, fortel Birkeland.

LES OGSÅ: Fantastisk mønstring på Fedje

Artikkeltags