Mattilsynet friskmelder U-864-fisken. – Ukjent for oss, seier kommunen

Trygg fisk: Ordførar Kristin Handeland stiller seg spørjande til kvifor det som har vore farleg i 11 år, plutseleg er trygt. – Er grensene heva, spør ho.

Trygg fisk: Ordførar Kristin Handeland stiller seg spørjande til kvifor det som har vore farleg i 11 år, plutseleg er trygt. – Er grensene heva, spør ho.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

FEDJE: No er det fritt fram for alle å eta sjømat fiska ved ubåtvraket. – Dette har ikkje kommunen høyrt ein lyd om, seier ordførar Kristin Handeland.

DEL

Mattilsynet opphevar åtvaring om sjømat ved ubåtvraket utanfor Fedje, skriv Kystverket i ei pressemelding.

Her vert det vist til at det sidan 2004 årleg har vore gjennomført undersøkingar av sjømaten frå området rundt U-864. Samanstillingar av desse undersøkingane viser at kvikksølvnivået i sjømaten er den sama som ein finn langs resten av kysten. Mattilsynet opphevar difor dagens åtvaring om at små barn, gravide og ammande ikkje bør eta sjømat frå området rundt ubåtvraket.

11 år lang sjekk

Det er Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) som dei siste elleve åra har gjennomført prøvetaking og analysar av fisk og skaldyr fanga ved U-864.

– Sjømaten er trygg ut frå dei resultata vi har frå brosme og krabbe, seier Sylvia Frantzen, forskar hjå NIFES som har stått for overvakinga.

Sommaren 2014 vart det tatt nye prøvar av brosme og krabbe frå området ved vraket – fire mil i sør og i nord. Konklusjonen i NIFES-rapporten er at konsentrasjonen av kvikksølv i brosme og krabbe frå området rundt vraket av ubåten er under EU og Norge sin øvre grenseverdi for humant konsum, bortsett frå ei brosme.

– Desse resultata viser at sjømaten er trygg i havet vest av Fedje. Det er ikkje lenger trong for den «føre-var»-åtvaringa som har vore der. Difor opphevar vi den, seier Lise Torkildsen, seksjonssjef ved Mattilsynet sin seksjon for sjømat.

Endra grenser?

Ordførar på Fedje, Kristin Handeland føler seg langt frå like trygg.

– Eg kjenner berre til saka frå media, og er spent på å høyra kvifor dei vil oppheva fiskeforbod rundt ubåten. Noko dei ansvarlege i alle fall burde ha informert den kommunale leiinga om, seier Handeland til nh.

– Føler du deg trygg på at det no er fritt fram for alle?

– Eg høyrer kva du refererer til, men føler meg likevel veldig usikker. Eg skulle gjerne likt å vita grunngjevinga for at det som har vore farleg i 11 år ikkje er farleg lenger. Har dei heva grensene, lurer eg på, seier ordføraren som er veldig opptatt av å få riktig informasjon rundt dette.

– Nett no har eg mange fleire spørsmål enn svar, seier ho.

Artikkeltags