Ubåtbraket vert ikkje rørt før 2018: – Dårleg politisk handverk

U-864

U-864 Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Etter at støttefyllinga er ferdig i sommar, vil vraket ligga der urørt fram til sommaren 2018.

DEL

Det skriv Bergens Tidende, tysdag.

Som avisa Nordhordland har skrevet om før, skal det i sommar byggast ein støttefylling rundt vraket etter U-864. Det blei gjort nye geotekniske analysar av sjøbotnen i området rundt U-864 i 2013. Geoteknisk ekspertise har deretter konkludert med at støttefylling burde iverksettast så raskt som mogleg.

LES OGSÅ: Vel utanlandsk selskap til massiv operasjon rundt Fedje-ubåten

100.000 tonn med sand og stein

Kystverket opplyser at støttefyllinga vil bestå av om lag 100 000 tonn med sand og stein. Desse massane må leggast kontrollert og presist med eit spesialkonstruert skip for å stabilisera sjøbotnen.

Fyllinga skal ikkje ha innverknad på val av seinare miljøtak. Dette vil redusera risiko for utgliding av massar og ytterlegare spreiing av kvikksølvforurensande sedimentar og dermed trygge vidare arbeid.

I statsbudsjettet for 2016 vart det sett av 50 millionar kroner til arbeidet med å bygga ei støttefylling rundt ubåtvraket U-864 utanfor Fedje, men denne kontrakten er på 82 millionar kroner. Mellomlegget vert dekka ved hjelp av ubrukte midlar hjå Kystverket.

– Fyllingen må setja seg i halvanna år før noko meir kan gjerast, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) til Bergens Tidende.

Det betyr at ubåten vert liggande urørt fram til sommaren 2018.

LES OGSÅ: Slik blir den massive operasjonen rundt Fedje-ubåten

Ristar på hovudet

Fedje-ordførar Stian Herøy (H) er berre ristar på hovudet.

– Hadde dette vraket med kvikksølvgift lagt ein meir sentral plass, hadde det vore fjerna for lengst, meiner han.

Han saknar engasjement frå politikarane i dei to regjeringspartia.

– Både FrP og Høgre var svært kritiske under førre regjering, men no seier dei ikkje stort, seier han.

Solvik-Olsen seier denne saka ikkje handlar om ideologi.

– Me har ikkje konkludert, og me må vera pragmatiske, seier han og viser til at sju av åtte flasker som er tatt opp, ikkje inneheldt kvikksølv.

LES OGSÅ: Forlenga frist for anbod om ubåt-fylling: Skal stabilisera havbotnen

Artikkeltags