Forlenga frist for anbod om ubåt-fylling: Skal stabilisera havbotnen

STØTTEMUR: Det store prosjektet med å stabilisera ubåtvraket ved Fedje vert starta seinare i haust. – Det er eit omfattande prosjekt, seier prosjektleiar i Kystverket, Hans Petter Lahne Mortensholm.Arkivfoto: Morten Sæle

STØTTEMUR: Det store prosjektet med å stabilisera ubåtvraket ved Fedje vert starta seinare i haust. – Det er eit omfattande prosjekt, seier prosjektleiar i Kystverket, Hans Petter Lahne Mortensholm.Arkivfoto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Arbeidet med støttemuren for U-864 er ute på anbod, ny frist er 27. august.

DEL

Grunna det store omfanget av jobben og ferietid vart den opphavlege fristen på 27. juni utsett til 27. august. 100 000 kubikkmeter steinmassar skal leggast på havbotnen for å stabilisera vraket.

Lesarar som har kontakta avisa Nordhordland kunne fortelja at lokale firma var i gang med arbeid relatert til ubåtvraket ved Fedje, og frykta ein tildekking av vraket i det skjulte.

LES OGSÅ: Mattilsynet friskmelder U-864-fisken. – Ukjent for oss, seier kommunen

– Det kan vera dei førebur seg i høve spesifikasjonane i anbodet, men det er ikkje tildelt kontrakt, og ikkje sett i gang noko arbeid, fortel prosjektleiar i Kystverket, Hans Petter Lahne Mortensholm.

– Arbeidet vi har ute på anbod no er ei utfylling i botnen av dalen ved ubåtvraket. Det er som kjend ikkje tatt ei avgjerd om tildekking eller heving av last, dette arbeidet som er på anbod no må gjerast uansett kva alternativ ein vel, seier Mortensholm. Hensikta er å stabilisera vraket.

– Når kontrakten er tildelt vil vi gå ut med meir. Dette er ein stor jobb, det er ein operasjon som vil gå over ein periode på rundt 50 dagar, anslår Mortensholm.

LES OGSÅ: Naziflukta frå Nordhordland

Etter fristen er gått ut vil vi evaluera anboda og gå inn i forhandlingar. I slutten av september eller byrjinga av oktober håpar vi å tildele kontrakt, seier han. Kritiske røyster har påstått at denne utfyllinga vert gjort for å trenere ei eventuell heving til det er for seint å gjennomføra heving.

– Uansett kva ein vel, vil det ta tid, vår tanke er at vi må komme i gang med å legga støttefylling så fort kan, slik at den dagen vedtaket kjem, kan ein setta i gang raskt, seier Mortensholm.

Når kontrakten er tildelt vil Kystverket halda infomøte på Fedje, for at folk skal få sjå kva som skal gjerast.

Artikkeltags