Regjeringa vil dekka over U-864

U-864

U-864 Foto:

DEL

Måndag klokka 10 vart regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2019 lagt fram. Der kjem det fram at regjeringa vil dekka til kvikksølvubåten U-864.

Regjeringa løyver nemleg 30 millionar til oppstart av arbeidet av arbeidet med å etablera ei tildekking av U-864 og den forureina havbotnen rundt.

Planen er å vera ferdig til sommaren 2020.

– Tildekking har lågast miljørisiko

Målet med miljøtiltak for U-864 er å hindra framtidig kvikksølvforureining frå last og allereie forureina sediment, skriv regjeringa.

– Av tiltaka som er vurdert har tildekking lågast miljørisiko under gjennomføring av tiltaket, samtidig som det effektivt vil hindra framtidig kvikksølvforureining, skriv regjeringa.

Lisbeth Stuberg i aksjonsgruppa for heving av kvikksølvubåten seier til avisa Nordhordland at ho ikkje er sjokka, men djupt skuffa.

– Dette protesterer me vilt på, seier ho.

Lisbeth Stuberg i støttegruppa for fjerning av U-864 seier dei protesterer villt på regjeringas forslag om å dekka til ubåtvraket.

Lisbeth Stuberg i støttegruppa for fjerning av U-864 seier dei protesterer villt på regjeringas forslag om å dekka til ubåtvraket. Foto:

Ho seier at dei har fått desse signala ei god tid no.

– Då statsråden var på Fedje i juni gav han klare signal om at det gjekk den vegen, sjølv om han ikkje sa det rett ut, seier ho.

Stuberg seier ho er forundra over at dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen då antyda at berre ein fekk ei løysing på saka, ville folk verta nøgde.

– Der skal han få sjå at han tek grundig feil, seier ho.

No forventar ho at dei andre politiske partia på Stortinget tek tak i saka.

– Eg reknar med dei står for det dei har sagt og nektar for at denne saka vert ståande slik, seier ho.

Stuberg lovar protestar.

Fedje-ordføraren er ikkje overraska

– Me har ingen klare planar nett no. Men me er i dialog med politikarar og ulike myndigheiter per i dag. Det er ting som er på gang, utan at eg kan gå inn på det no, seier ho.

Fedje-ordførar Stian Herøy (H) er ikkje nøgd med forslaget frå regjeringa.

– Dette er eit fyrste steg, så får me jobba og sjå om me får endra på det, seier han.

Til liks med Stuberg seier Herøy at han alt i sommar fekk tydlege signal på at regjeringa ville gå for ei tildekking av ubåtvraket. Han seier at ein vert ikkje ferdig med saka om ein berre dekkjer til vraket.

– Informasjonen me sit med er at kvikksølvet vil komma ut i massane uansett. Så dette er å dytta det ut i tid, hevdar han.

I sommar var dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) på Fedje signala han kom med til ordførar Stian Herøy (H) og dei andre tilhøyrarane var at ubåtvraket vil verta tildekka. Måndag denne veka stadfesta regjeringa det då dei la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2019.

I sommar var dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) på Fedje signala han kom med til ordførar Stian Herøy (H) og dei andre tilhøyrarane var at ubåtvraket vil verta tildekka. Måndag denne veka stadfesta regjeringa det då dei la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2019. Foto:

Herøy seier at vraket i seg sjølv berre må få ligga på havets botn.

– Det er kvikksølvet me vil ha vekk, understrekar han.

No seier han dei vil jobba med premissane som ligg i botnen, men at dei vil endra dei.

– Det er ingen som veit kvar denne budsjettprosessen endar, seier han og viser til at regjeringa må forhandla for å landa eit budsjett.

– Hadde eit ørlite håp om at dei ville ta til fornuft

Difor vil dei no jobba med å få ut informasjon til sentrale politikarar og snakka med samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

– Eg håpar me klarar å landa noko positivt, seier han.

Ruben Oddekalv Mjelde i Norges Miljøvernforbund er, til liks med Stuberg og Herøy, ikkje overraska.

– Men me er veldig skuffa, seier han til avisa Nordhordland.

– Me hadde jo forventa dette, men me hadde eit ørlite håp om at dei ville ta til fornuft, legg han til.

Ruben Oddekalv Mjelde i Norges miljøvernforbund meinar at det er økonomiske motiv som gjer at regjeringa går for tildekking av U-864.

Ruben Oddekalv Mjelde i Norges miljøvernforbund meinar at det er økonomiske motiv som gjer at regjeringa går for tildekking av U-864. Foto:

Oddekalv meiner at om ein berre dekkjer til kvikksølvet som ligg på havbotnen utanfor Fedje, vil ein ikkje ha kontroll.

– Då har du berre feia problemet under teppet, seier han.

Oddekalv meiner at ein del av faremomenta ved tildekking rett og slett ikkje er godt nok belyst.

– Eg er sikker på at det er økonomiske motiv som gjer at tildekking vert vald, hevdar han.

Artikkeltags