Ny kartlegging om Fedje-ubåten

Frå Kystverket sitt arbeid med å laga støttefylling rundt U-864.

Frå Kystverket sitt arbeid med å laga støttefylling rundt U-864. Foto:

Av

Fire månader etter at regjeringa gjekk inn for å dekke til U-864 ved Fedje, er det klart at det vil bli gjort nye vurderingar om handteringa av ubåten.

DEL

I fjor haust sette regjeringa av 30 millionar kroner for at Kystverket kunne starte arbeidet med å dekke til den tyske ubåten frå andre verdskrigen, som har 67 tonn kvikksølv om bord.

Men no er det klart at det blir ein ny runde for å vurdere kva som er det sikraste for miljøet, fortel NRK.

Regjeringa ønsker denne gongen å sjå på om det er mogleg å ta i bruk ny teknologi for å handtere ubåtvraket på ein sikrare måte. Det betyr at tildekkinga som etter planen skulle vere ferdig i 2020 er sett på vent.

– Inntil vidare er arbeidet sett på vent. Ein skal sjå på om det er kommen ny teknologi som gjer at vraket kan fjernast, seier ordførar Stian Herøy i Fedje.

Ifølgje beredskapsdirektør i Kystverket Johan Marius Ly vil ein ny gjennomgang gi svar på om teknologien har vorte utvikla så mykje at det er behov for å endre den noverande oppmodinga.

Den tyske ubåten U-864 vart torpedert av ein britisk ubåt 9. februar 1945, to nautiske mil vest for Fedje i Hordaland. Ubåten brekte i to delar og sokk. I 2003 vart han funnen, på 150 meters djup, lasta med 1.847 kvikksølvbehaldarar.

Artikkeltags