Det seier jentene frå Salhus turn og IL som var i aksjon under kretsstemnet i Åsanehallen søndag. I eine troppen er heile ni av jentene som var i aksjon frå Nordhordland, og trenar med turngruppa tre dagar i veka.
LES OGSÅ: undefined
Dei er no i juniorklassen 13–19 år. Konkurranseturn har dei drive med sidan dei var 11, og jentene stortrivst med idretten sin.
– Kva er det som er så kjekt med turn?
– Det er veldig utfordrande, og det er ikkje så mange som driv med det, svarar jentene.
– Det krevst vilje, styrke og innsats for å bli god, og ikkje minst god spenst og kroppskontroll, seier dei.
– Det er ein veldig allsidig idrett, ein bruker kvar einaste muskel som finst i heile kroppen.
Teamgym
Søndag vart det konkurrert mellom anna i teamgym, der jentene var i aksjon både i frittståande, trampett og tumbling.
I frittståande viser dei eit fellesprogram med ulike øvingar, i trampett hoppar dei enkelthopp på rekke og rad, og på tumblingmatta viser dei seriar med ulike hopp.
LES OGSÅ: undefined
– Det gjekk veldig bra på frittståande, seier jentene etter første gjennomkøyringa.
– Vi gjer det som regel betre i andre runden, seier dei, noko også trenar Jan Magne Cederstrøm seier seg einig i.
Prøver nye ting
– Vi plar bruka desse krinskonkurransane til å prøva ut nye ting, det er god trening å få prøvd seg under litt press. Det gjer vi ikkje i dei nasjonale konkurransane, seier han. Dei deltek som regel på fire kretskonkurransar i året, og i år vert det to nasjonale konkurransar, NM og kvalik til NM.
– Vi har veldig bra rekruttering til turngruppa, den største utfordringa er hallsituasjonen. Mange får fort ein time reise kvar veg når vi nokre dagar må trena heilt på Landås, seier han.