Gå til sidens hovedinnhold

Trøbbel med e-reseptar over heile landet

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er for tida problem med e-resept-systemet over heile landet. Det er ikkje mogleg å sende eller få reseptar.

Det opplyser Norsk Helsenett på nettsidene sine. Norsk Helsenett er eit statleg føretak, eigd av Helse- og omsorgsdepartementet.

Alle brukarar av e-resept er ramma, og det er førebels ukjent når problema vil bli løyste.

– Vi set alle ressursar inn på å finne og rette feilen, heiter det i meldinga.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken