Med gutta på tur

1 dei IVRIGASTe: Anfinn Lavik (t.v) har vore 454 turar til Otertjørna i 2014, Olav Angelskår 305 turar til Lometjørna, og Helge Sætre (ikkje til stades då bildet blei tatt) 244 turar på Grønfjellet  2 IDYLLISK: Ein av dei mange idyllane vi møtte på vår veg langs Otertjørna-løypa.  3 FUGLEMAT: Småfuglane veit at dei får sitt når Anfinn kjem. Tekst og foto Randi Bjørlo

1 dei IVRIGASTe: Anfinn Lavik (t.v) har vore 454 turar til Otertjørna i 2014, Olav Angelskår 305 turar til Lometjørna, og Helge Sætre (ikkje til stades då bildet blei tatt) 244 turar på Grønfjellet 2 IDYLLISK: Ein av dei mange idyllane vi møtte på vår veg langs Otertjørna-løypa. 3 FUGLEMAT: Småfuglane veit at dei får sitt når Anfinn kjem. Tekst og foto Randi Bjørlo

For tre år sidan vart han hjarteoperert. I 2014 gjekk Anfinn Lavik 454 turar til Otertjørna, og var dermed den ivrigaste turgåarane i Radøy Friluft si registrering.

DEL

Det er fredag føremiddag, opplett og mildt ute når vi har latt oss invitera med tre karar på tur til Otertjørna på Listveiten. Det er tid for den årvisse utdelinga av pokal til dei ivrigaste. Med på turen er primus motor Steinar Haugland og dei to ivrige turgåarane Anfinn Lavik og Olav Angelskår.

Avisa Nordhordland gjer merksam på at denne artikkelen blei publisert for første gang 10. november 2015.

LES OGSÅ: Sjå, ein danske på ski!

Praten og beina går lett over tilrettelagte stiar, ikkje alltid like synlege, men med så godt turfølgje er det inga sak å finna fram. Vi startar ved bana på Bø og går via Lometjørna, Hauglandsvatnet, Mjelkevika, Katedralen, Mjåvatn, Otertjørn, Kvernhusfossen, Feravatn, Storkleppa og Krossen.

-Mellom Storkleppa og Kvernhusfossen heng det refleksar, så det er godt mogleg å gå med lykt om kveldane, seier Anfinn. Han går gjerne to og tre turar for dag i det same området, men på ulike stiar.

Fjellskoa trår lett avgårde, men sånn har det ikkje alltid vore.

- Før eg vart hjarteoperert for tre år sidan, hadde eg store problem og måtte stoppa opp og pusta på undervegs. Særleg i motbakkane, seier han og peikar ivrig på ei fin slette i skogen.

LES OGSÅ: Senterpartiet vil ha folk til å koma seg opp av sofaen og ut på tur: – Ikkje mykje som skal til

- Der pleidde vi gutungane å ha indianarleir og leika, seier karen som er oppvaksen og lommekjend i området.

Olav Angelskår sit til dagleg bak rattet i ein buss, og kjenner på kroppen kor helsebringande det er å komma seg ut.

- Eg og fruen går ein tur frå Skolte- dalen til Lometjørn når vi kjem heim frå arbeid. Viss ikkje er det noko som manglar. Vi har det i blodet, seier Olav. Han synest folk er for lite flinke til å bruka den fine naturen som ligg der rett utafor stovedøra.

Langs ruta vert vi fortald om flotte naturopplevingar, om møte med oter og om aktivt fiske i tidlegare tider.

LES OGSÅ: Bli med på onsdagstur

- Det er kjekt å ha ein tur der du hiv på deg og går utan planlegging. Eg rår alle til å ta seg ein tur, om ikkje meir enn ein halvtime. Det er nemleg her dei verkeleg lange turane begynner, seier Steinar som har Beiarnfjella som sitt neste turmål.

Meir enn 100 turar

Desse har gått meir enn 100 turar til ein av postane: Helga Sture 400, Asbjørn Sture 341, Karl Bø 334, Kjell Torgrimsen 316, Ragnar Floen 302, Turid Angelskår 298, Reidun Floen 270, Bodil Bø 250, Leif Taule 238, Gunnvor Myhre 222, Inger Hindenes 213, Olav Steinar Namtvedt 186, Klara Bø 177, Bernt Bø 175, Jannicke Njøten 173, Grethe Myhre 172, Solveig Taule 166, Jonny Njøten 164, Lars Bastesen 161, Erling Storheim 143, Ketil Hindenes 139, Helge Hole 138,

May Britt Gjerde 133, Asbjørn Sætre 126,

Linda B Knudsen 124, Sølvi Elin Myhre 116, Harald Åge Sætre 112, Svein Olav Saltnes 103, Thomas Lilletvedt 101, Linnea Sandal 100, Svein Olav Saltnes 100.


Artikkeltags