–Ver spesifikk når du gjev ros

TERJE MANGER: Professoren prata om motivasjon om meistring hjå barn og unge.
foto:  IRENE BRATTENG JENSSEN

TERJE MANGER: Professoren prata om motivasjon om meistring hjå barn og unge. foto: IRENE BRATTENG JENSSEN

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er viktig å forklara barn kvifor dei viser framgang, og ikkje berre gje dei overflatisk ros, seier Terje Manger.

DEL

Mandag arrangerte Meland Idrettsråd ope folkemøte i Meland Aktiv. Professor Terje Manger, som i mange år har vore engasjert i lokal idrett i Nordhordland, var ein av forelesarane. Manger snakka om motivering og meistring bland barn og unge.

Viktig med prosessros

 

– Alle barn skal ha ros, det er viktig for motivasjon. Men korleis skal vi rosa?, spurte Manger som innleiande spørsmål til dei frammøtte i Meland Aktiv.


– Forskarar har gått inn i skulen og sett på korleis ros vert gitt. På nokre skular er det for lite ros, medan på andre skular er det gitt overflatisk ros og overdriven personros, utan at dei som rosar har set seg inn i kva forutsetningar eleven har får å meistra oppgåva.


Professoren meiner lærarar og trenarar bør tenka seg om før dei gjev ros – spesielt til barn som har låg tru på seg sjølv.


– Det er viktig å gje prosessros, altså ros for det enkelte barnet gjer. Eit eksempel kan vera å seia «du jobba verkeleg godt med den detaljen på fotballbana», seier Manger, som poengterer at det å vera spesifikk er det viktige.

– Gje informasjon

 

Manger fortel at vasne personar, som lærar og trenarar ofte gjer barn og unge som ikkje er vane med å meistra, overdriven personros.

LES OGSÅ: Vil lokka folk ut på tur


– Slike barn treng prosessros mest av alt, altså; dei treng ros for framgang dei har, tilbakemeldingar og informasjon om kvifor dei viste framgang. Det er viktig er informasjon, og å forklara barnet kva som gjorde at han eller ho gjorde det bra, forklarar Manger.

– Eit lærerikt møte

 

Målfrid Grønhaug, som er med i valkomiteen til idrettsrådet i Meland, var til stades på folkemøtet for å få inspirasjon og ny input som ho kan ta med seg vidare.


Grønhaug har vore fotballtrenar for Kvernbit, og er førskulelærar i Leirdal barnehage. Ho syntest det var spesielt interessant å høyra Meland forklara om prosessros, og viktigskapen av å forklara framgangen.


– Eg lærte at det er viktig å sjå kvart enkelt individ, og gje dei anerkjenning for det dei gjer bra, i staden for å heile tida gje overflatisk ros.

LES OGSÅ:  - Klart vi kan løpa langt


Ho meiner det vert lite truverdig å til stadigheit gje ros, som ikkje forklarar kva eller kvifor.


– Viss barnet forstår kvifor han eller ho får ros trur eg dette gjer at barnet i framtida vil jobba mot å verta enda betre.
Grønhaug meiner det er viktig å vera ærleg i tilbakemeldingar – viss ting ikkje fungerer heilt, kan ein gje tilbakemeldingar på kva ein kan øve meir på for å få det til.


Førskulelæraren meiner ho lærte mykje ho kan ta med seg i jobben i barnehage.


– Eg synest møtet var veldig bra! Alle lærarar, trenarar og foreldre burde læra meir om dette. Det er veldig viktig at barn ikkje vert oversett, seier Grønhaug.

Artikkeltags